Meir til dei som treng det mest

Eit av samfunnets viktigste oppgåvar er å ta vare på dei som treng det mest

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Velferdssamfunnet sine tenestetilbod skal vera godt utbygde og sikra alle god og forsvarleg omsorg, helse, utdanning og livsstandard. Borgarløn er tanken om at alle borgarar skal vera garantert ei minsteinntekt. Venstre har ein visjon om at dette skal verte Noreg si store velferdsreform. Venstre vil arbeida for at Hordaland vert forsøksfylke for borgarløn. Likevel kan offentleg tilbod aldri fullt ut erstatta det personlege ansvaret den einskilde har for seg sjølv og medmenneska. Venstre sitt sosialliberale idégrunnlag kjem nettopp tydeleg til syne i ein velferdspolitikk som balanserer eit godt offentleg velferdstilbod med eit individuelt ansvar.

Omsorg, senior, helse

Foto: Microsoft

Venstre vil leggja til rette for at borgarane i fellesskap kan ta større ansvar for oppgåver som åleine vert tekne hand om av det offentlege. Frivillig innsats er velferdsstaten sin store, og framleis lite brukte ressurs. Så lenge dei folkevalde definerar nivå, kvalitet og omfang på tenestene det offentlege skal tilby, bør både private forsøk, og innsatsvillige menneske trekkast med i korleis dette skal løysast. Dei frivillige organisasjonane sine tilbod må samordnast med og supplera det offentlege tilbodet.

Mange offentlege bygningar er ikkje godt nok tilrettelagde for funksjonshemma. Venstre meiner fylkeskommunen må stilla krav om at alle offentlege bygg som skal oppførast og
ombyggjast, skal vere tilpassa funksjonshemma. Fylkeskommunen må gå føre som eit godt døme og leggja til rette for at menneske med ulike funksjonshemmingar kan vera tilsette i fylkeskommunen.

Venstre vil:
* arbeida aktivt for at Helse Vest har eit godt og desentralisert spesialisttenestetilbod ved sjukehusa
* i samarbeid med kommunane leggja til rette for ei best mogleg skulehelseteneste med auka kompetanse innan psykiatrien
* arbeida for eit meir aktivt og førebyggjande barnevern, eit betre ettervern og eit betre samarbeid med psykisk helsevern og rusomsorg
* satsa meir på førebyggjande helseverksemd m.a. gjennom friluftsliv og idrett
* arbeida for at det vert oppretta rehabiliteringssenter i fylket
* ha ei geografisk spreidd tannhelseteneste
* arbeida for eit godt og desentralisert tilbod innan barne- og familievernet i fylket
* framleis ha fokus på universell utforming

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**