Jon Ove Lomheim, gift, 54 år
Utdanning og yrkesfagleg bakgrunn:
Sivilingeniør 1978. Ingeniørstillingar i to kommunar i sju år og privat ingeniørfirma 22 år. I dag kontorleiar for Norconsult AS med kontor i Sogndal, Årdal og Førde
Politisk erfaring:
16 år i kommunestyret. Første periode medlem av skulestyret. Dei tre neste periodane vore leiar for
Utvalet for Undervisning og kultur (1995-99)
Rådet for funksjonshemma (1999-2003)
Forvaltningsstyret (2003-07)
Dei tre viktigaste sakene i komande periode:
Framtidsretta miljøpolitikk; Luster Venstre vil jobbe for ein forpliktande klima- og miljøplan, og gå føre som eit godt døme for andre kommunar
Kreativ og nyskapande næringspolitikk; ha målretta tiltaksplan for nyetableringar og styrking av eksisterande næringar
Sterk offentleg barnehage og skule; Vi må ha tilstrekkeleg resurssar slik at barnehage/ skule skal ha kvalitet blant dei beste i landet
Tankar om kravet om eit miljørekneskap:
Vi veit at klimaet på jorda er i endring og i krise på grunn av menneskeleg aktivitet. Det er difor Venstre har klimaengasjement og miljø som ei av hovedsakene. Framtida kan bli rein hugnad dersom vi handlar no.
Miljørekneskap er eit viktig middel for å sjå utviklinga for miljøet og kva tiltak som er nødvendig for å snu negativ utvikling til det positive.
Luster Venstre vil arbeide for at det vert utarbeidd konkrete miljø- og klimaplanar på kommunenivå. Luster Venstre vil arbeide for at kommunen skal gå føre som eit godt døme for alle kommunar i Noreg.
Eg meiner eg er den beste ordførarkandidaten fordi:
Samfunnsengasjementet mitt starta tidleg.
Eg vart råka av alvorleg høyrselskade som gut, og hadde ei vanskeleg tid i grunnskulen. Men med tilpassa opplæring etter grunnskulen vart utdanning meir meiningsfullt. Nye mulegheiter opna seg for utdanning og jobbar.
Eg har arbeidd sju år i kommunal forvaltning og 22 år i privat verksemd, der oppdraga hovudsakleg har vore for kommunar.
Eg har politisk leiarerfaring i tre kommunestyreperiodar, og har fleire år med leiarerfaring i både kommunal og privat verksemd.
Eg har ei livserfaring som gjer at eg kan ha merksemd til dei som har det vanskeleg og treng drahjelp og tilrettelegging for å lukkast.
Alt dette gjer at eg vil bli ein god ordførar for Luster kommune.