Ein skule for kunnskap og like mogelegheiter

Skule og utdanning

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Skole

Foto: Luth

Kunnskap er eit viktig grunnlag for fridom, demokrati og nyskaping. For Venstre er det ei viktig oppgåve å sikra alle den same tilgangen til utdanning og kunnskap uavhengig av sosial og kulturell bakgrunn. Dette må mellom anna gjerast ved å setja eleven i sentrum med større ansvar og medverknad i opplæringa. Det er eit liberalt krav til læringsprosessen — frå det enklaste pedagogiske opplegg til det mest avanserte at han skal byggja på respekt for både den einskilde og fellesskapet.

Ansvaret for vidaregåande skular er ei svært viktig oppgåve for fylkeskommunen. Ei god offentleg opplæring skal vera med på å utvikla god kompetanse i fylket, både med sikte på fagopplæring og for å sikra unge og vaksne eit godt grunnlag for vidare utdanning. Gjennom den vidaregåande opplæringa skal elevane verta førebudde for høgare utdanning eller for arbeidslivet gjennom dei yrkesfaglege utdanningsprogramma.

Det er eit liberalt krav til læringsprosessen frå det enklaste pedagogiske opplegg til det mest avanserte — at han skal byggja på respekt for både den einskilde og fellesskapet. Skulen skal ikkje berre utdanna kompetente personar, men også engasjerte borgarar. Venstre ynskjer å styrka skulen som demokratisk lærestad. Kunnskapen og verketrongen til ungdommen må takast på alvor og brukast, t.d. gjennom etablering av fleire elevverksemder. Både i allmenne og yrkesfaglege studieretningar må "Ungt Entreprenørskap" mykje sterkare inn i undervisninga. Det same gjeld internasjonal utveksling og kunnskap.

Ny teknologi og kontinuerleg utvikling vil krevja at menneska stadig har trong for å tileigna seg ny kunnskap. Samstundes er det færre og færre som velgjer eit yrke for resten av livet. Ein kan ha behov for etterutdanning for å få ny fagkunnskap innan det yrket ein har utdanna seg til, eller til eit nytt yrke slik at ein kan klara å vera arbeidsaktiv fram til pensjonsalder. Hordaland Fylke må ha utdanningsinstitusjonar som legg til rette undervisninga slik at alle kan få høve til etterutdanning og opplæring om dei sjølv vil. Dette krev eit tett samarbeid både med næringslivet og med offentlege institusjonar/organ.

Venstre ser på yrkesfaga som berarar av tradisjon og kunnskap, og dei er det særleg viktig å ta vare på. Praktisk meistring og læring er viktige element i den yrkesfaglege opplæringa og bør etter Venstre sitt syn styrkast. Venstre ynskjer at skulane skal vera mest mogeleg sjølvstyrte innanfor fylket sine eigne prioriteringar, og dei råmene som læreplanverket og opplæringslova legg. Venstre meiner det må opprettast skulestyre som utøvande organ på dei einskilde skulane, der rektor er sekretær. I fyrste omgang kan dette vera eit prøveprosjekt på utvalde skular. Medlemmene i skulestyra skal vera tilsette, elevar og eksterne representantar valde av fylket. Det er òg viktig å gje skuleleiarane tid til å driva pedagogisk utviklingsarbeid ved å styrka administrative støttefunksjonar.

Skole

Foto: Luth

Lærarane er den viktigaste ressursen i skulen. Venstre meiner hovudoppgåva til lærarane er å vera kunnskapsformidlarar ved å stå for varierte og spanande undervisningsopplegg. For Venstre er det viktig at lærarane har gode fagkunnskapar. Venstre vil innføra eit kompetanseår for lærarane, slik at dei kan skaffa seg utvida kompetanse gjennom arbeidspraksis eller vidareutdanning. Det bør takast initiativ for å få Hordaland som forsøksfylke for ei slik ordning. På regionalt nivå må denne satsinga følgjast godt opp med gode tilbod i samarbeid med forskings- og utdanningsinstitusjonane i Hordaland.

Venstre vil vidareføra ordninga med fritt skuleval i den vidaregåande skulen i Hordaland.
Ordninga gir elevane høve til å velja mellom alle skulane i fylket utan omsyn til bustadadresse. Framleis vel dei fleste å gå på den skulen som ligge nærast, men samstundes gir ordninga ein fridom til dei som av ulike årsaker måtte ynskje ein anna skule. For å gjera ordninga meir rettferdig vil Venstre framleis arbeida for at geografisk nærleik òg skal vera poenggjevande ved opptak til vidaregåande skular.

Venstre vil ha smidigare reglar for inntak til vidaregåande skular på tvers av fylkesgrensene. Det er etablert fleire friskular dei siste åra. Venstre meiner at slike skular kan vera gode supplement til den offentlege skulen, og dei må ha vilkår til å utvikla sitt særpreg.

Elevar i skulen har no fått ei lovfesting av krav til arbeidsmiljø i opplæringslova. Fylkeskommunen må syta for at krava i lova vert oppfylt på ein god måte, mellom anna ved at elevane får medverknad på arbeidsmiljøet.

Dei elevane som ikkje har trygg skuleveg, skal ha rett til fri skuleskyss.

Venstre sitt framlegg om serviceerklæringar i offentleg forvaltning, skal òg omfatta skulen. Fylkeskommunen må difor utarbeide serviceerklæringar for vidaregåande opplæring, som gjer det klårt kva for rettar og plikter elevar og foreldre har, kva dei normalt skal kunne forventa av skulen, og kva skulen forventar av dei.

I samspelet mellom skulen og elevane, spelar elevrådet ei sentral rolle. Det er difor viktig å gje elevrådet gode arbeidsvilkår for å sikra at elevane vert høyrde før avgjerd vert teken i viktige saker. Elevane skal vera representerte i alle skuleorgan.

Diverre er det for mykje mobbing og uro i den norske skulen. Venstre vil ha meir respekt inn i skulen. Skulane må skapa gode miljø ved å satsa målretta på førebygging, og dei må gripa raskt inn når elevar vert mobba. Mykje mobbing skjer i form av seksuell trakassering. Skulane må slå hardt ned på dette, og utarbeida planar for førebyggjande tiltak.

Venstre vil ha betre kvalitet på yrkes- og studierådgjevinga for elevar i den vidaregåande skulen. Samanhengen mellom grunnskulen og den vidaregåande opplæringa har vorte tettare med innføringa av Kunnskapsløftet. Venstre meiner difor det er viktig å leggja til rette for eit betre samarbeid mellom vidaregåande skular og ungdomsskular, mellom anna når det gjeld rådgjeving og programfag i ungdomsskulen. I det arbeidet må det nye yrkesrettleiingssenteret få ei viktig oppgåve.

Gjennomsnittsalderen hjå lærarane i den vidaregåande skulen er høg, og det vil difor vera stor trong for nyrekruttering i dei næraste åra. Venstre har stor tru på at det er mogeleg å få til eit generasjonsskifte på ein smidig måte, men er uroa over den realfaglege kompetansen. Fylkeskommunen må følgja utviklinga nøye, og det må vurderast ekstraordinære tiltak for å rekruttera realfaglærarar og eventuelt lærarar i språkfag dersom det skulle verta mangel på kompetanse.

Skulebiblioteka er ei viktig kjelde for å gje kunnskap og informasjon. I dagens samfunn er kunnskap og bruk av IKT vesentleg for å kunne delta i ein arbeidsmarknad i stor utvikling. Dette krev òg at skulebiblioteka har dei ressursane som trengst for at elevar skal kunne bruka den informasjon dei får tilgang til via Internett. Skulebiblioteka må vera opne så lenge det er undervisning, også på ettermiddag/kveldstid.

Læremateriellet i dei vidaregåande skulane må liggja føre både på bokmål og nynorsk til same tid og til same pris.

Fagskular for tekniske og maritime fag har lange tradisjonar. Venstre vil utvikla og utvida dette tilbodet. Fylket må samstundes ta ansvar for å utvikla fagskuletilbod på andre område i samspel med ulike private aktørar, mellom anna dei private tilbod som alt i dag er etablert.

Venstre vil:
– at eleven sine behov alltid må vera utgangspunkt for undervisninga
– ha eit geografisk spreidd og allsidig skuletilbod i alle delar av fylket
– prioritera opprusting av fylkeskommunale skulebygg, med særskilt fokus på inneklima
– gjennomføra bygging av ny vidaregåande skule på Sørås og i Bergen sentrum
– ha smidigare reglar for inntak til vidaregåande skular på tvers av fylkesgrensene
– ha fokus på vurdering av den einskilde skule for å auka kvaliteten, og vera meir open om innhaldet i skulen
– styrka praktisk meistring og læring i den yrkesfaglege opplæringa
– leggja til rette for at skulen utviklar seg til ein stad der ulike kulturar møtest, der elevane lærer sosial samhandling og å leva i eit internasjonalt samfunn
– betra kvaliteten på yrkes- og studierådgjeving for elevar i vidaregåande skule og vidareføra den gode ordninga med elevinspektørar
– styrka elevdemokratiet gjennom å leggja til rette for auka elevmedverknad
– styrka samspelet mellom skule og arbeidsmarknad, mellom anna gjennom betre tilrettelegging for lærlingplassar
– unngå for store vidaregåande skular
– sikra Manger Folkehøgskule gode vilkår
– at dei vidaregåande skulane i Hordaland skal prøva ut digitale skuleeksamenar og alternative eksamensformer som til dømes mappevurdering

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**