Det nye fylket – fylkeskommunen si rolle

Venstre er opptatt av et sterkt lokaldemokrati

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

demokrati

Foto: d

Venstre er grunnleggjande oppteken av eit levande folkestyre. Flest mogeleg avgjerder som har mykje å seia for samfunnsutviklinga skal takast av folkevalde organ eller organ med eit direkte ansvar overfor folkevalde nivå. Difor vil Venstre grunnlovsfesta det lokale sjølvstyret. Venstre ønskjer å halda fast ved tre folkestyrte forvaltningsnivå.

Venstre vil utvikla dagens fylkeskommunar slik at dei får langt større innverknad på samfunnsutviklinga, i staden for statleg styring. Venstre vil difor gå inn for å avvikla fylkesmannen som eit regionalt forvaltningsorgan med ansvar for breie samfunnsområde. Den mynde som fylkesmannen har i dag, skal i utgangspunktet leggjast til fylket, leia av fylkestinget som det direkte folkevalde organ. Dei arbeidsoppgåvene som fylkesmannen har, og som ikkje kan leggjast under folkevald styring på fylkesnivå, kan løysast utan eit fylkesmannsembete slik me kjenner det i dag.

Venstre er positive til at nye regionar kan erstatta fylka i ein omfattande forvaltningsreform. Føresetnaden er at makt og mynde vert overført frå staten til regionane og at regionstinga vert vald direkte av veljarane.
Venstre meiner det er viktig å sikra at Bergen får viktige regionale hovudstadfunksjonar i ein ny Vestlandsregion. Under føresetnad av at dei nye regionane får overført makt og mynde frå staten, vil desse skapa heilt nye mogelegheiter på Vestlandet, noko som mellom anna kan leggja grunnlag for betre samferdsle og meir nyskaping i næringslivet.
Venstre ønskjer at fylket skal få overført makt og mynde innanfor ei rekkje områder som staten no har ansvaret for. I tilegg må fylka sjølvsagt vidareføra oppgåvene dei har i dag.

Venstre vil at fylket, i tillegg til dei noverande fylkeskommunale oppgåvene, skal få:
* ansvaret for sjukehusa og andre delar av spesialisthelsetenesta innafor somatisk og psykisk helsevern, samt det regionale barnevernet som i dag er statleg
* ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken
* ansvaret for riksvegane og fordelinga av riksvegmidlane. Dette inneber at vegkontora vert overført til regionane
* ansvaret for kollektivtrafikk, inkludert ansvar for regionale jernbaneruter
* kollektivtransporten i storbyane må vurderast særskilt med omsyn til lokalt forvaltningsansvar
* overta miljøvernavdelinga frå fylkesmannen, og ansvaret for kulturminnevernet
* eit omfattande ansvar for å forvalta den offentlege næringspolitikken, og overta ansvaret for næringsretta verkemiddel av regional karakter frå Innovasjon Norge, fylkesmannsembetet og nye regionale forskingsfond
* overta ansvaret for statlege kulturinstitusjonar innanfor områda scenekunst, musikk, museum og biletkunst
* ansvar for å fordela spelemidlar til kulturbygg og eit overordna ansvar for bibliotekfeltet
* ansvar for å utvikla ein regional klimapolitikk med økonomiske og juridiske verkemiddel

For Venstre er det avgjerande at vi har eit godt og likeverdig helsetilbod til alle. Difor ynskjer vi at sjukehusa skal eigast og styrast av det nye fylket. Statleg overtaking av sjukehusa har ikkje gjeve betre ressursutnytting. Venstre meiner at fylka i større grad enn staten, vil kunne styra helsesektoren slik at pasientane vert prioriterte.
Fylkeskommunane må sjølve prioritera tiltak som tek sikte på å auka borgarane si interesse for den verksemda fylkeskommunen driv. Venstre vil at Hordaland Fylkeskommune skal oppfatta seg sjølv som eit serviceorgan for innbyggjarane.
Difor må det arbeidast ut serviceerklæringar innafor alle fylkeskommunale tenesteområde.

Venstre meiner fylkeskommunen skal halde offentligheitsprinsippet i forvaltninga høgt, slik at dokument berre vert unnateke innsyn når det er heilt nødvendig. Saman med innføringa av ny offentligheitslov, vil Venstre arbeida for at alle rutinar i fylkeskommunen vert gått igjennom med sikte på ei god og ope forvaltning. Venstre vil også ha ein eigen offentligheitsplakat som skal gjerast kjent for alle tilsette. Fylkeskommunen må vidare arbeida med å sikra god og sakleg informasjon om saker som vert handsama. Alle møte i folkevalde organ skal vere opne med mindre det er særskilde grunnar til å lukka dører.

Stemmegiving

Foto: Microsoft

Venstre vil slå fast at offentleg tilsette har ytringsfridom og skal ha lov til å delta i den offentlege debatten. Det må etablerast kultur som heller fremjar enn hindrar slik deltaking. Tilsette som melder frå om uheldige eller lovstridige tilhøve i eiga verksemd skal få honnør for dette, og vernast mot både direkte og indirekte sanksjonar. Venstre vil syta for at personvernet skal vege tungt i alle samanhengar. Mellom anna betyr dette at det skal takast sterke omsyn til integriteten til einskildpersonar på helse- og sosialinstitusjonar og i skulesektoren.

Vestlandet har klynger innanfor reiseliv, maritime næringar, forsking, musikk og film som har mykje å seia internasjonalt. Venstre meiner vestlandsregionen må profilera seg meir samla i Noreg, Europa og verda elles.
Venstre meiner det er naturleg at den nye regionen får ei parlamentarisk styringsform for å sikra demokratisk og strategisk styring av den regionale administrasjonen, og for å sikra ei heilskapleg politisk styring med klåre ansvarstilhøve.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**