Det kreative og nyskapande Hordaland

Framtidig verdiskapning er avhengig av småbedriftar og gründarverkemhet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Finans

Foto: Luth

Venstre trur på det skapande menneske. Jobbskaparar og idémakarar må visast tillit, ikkje hindrast gjennom unødig byråkrati og skjemavelde. Alt tyder på at mange av arbeidsplassane i framtida må skapast i små og mellomstore verksemder.
Mange arbeidsplassar kjem i verksemder som i dag ikkje er etablert. Nyetablerarar og småverksemder må få betre vilkår om me skal oppretthalda sysselsettinga og verdiskapinga. Ei forenkling av det offentlege skjemaveldet, tilskotsordningar som er betre tilpassa småverksemdene sine behov og eit skifte frå skatt på arbeid til skatt på forbruk og ureining, er Venstre sin bodskap.

Fylkeskommunen har ei viktig oppgåve i å hjelpa kommunane til å vera aktive tilretteleggjarar, pådrivarar og medspelarar for etablerarar og verksemder. Overordna planlegging, koordinering og spisskompetanse er sentrale stikkord.
Fylkeskommunen i Hordaland har òg eit viktig ansvar i å vera ein aktiv medhjelpar i næringslivet si utanlandssatsing. Bergen er den sentrale og store byen i fylket.

Å utvikla Bergensregionen som godt alternativ til mellom anna Osloregionen, er svært viktig. Samstundes er det viktig å leggja til rette for næringsutvikling i heile fylket.

Infrastrukturen må utviklast slik at distriktskommunane vert gode alternativ for nyetablerarar. For å demme opp for flyttestraumen frå distriktskommunane er det særleg viktig å leggja til rette for kompetansearbeidsplassar i distrikta.

Venstre tek forvaltaransvaret for komande generasjonar på alvor. Det betyr at me vil ta omsyn til natur og arealressursar i eit langt pers-pektiv. Omsynet til miljøet vil alltid bli prioritert høgast. Bergen er landet sin nest største universitets- og høgskuleby, og det er i tillegg andre viktige høgskulestadar i fylket. Det er ei stor utfordring både for fylkeskommunen i seg sjølv og for næringspolitikken generelt å betre kunne nytta den kunnskap forskingsinstitusjonane har og studentane sin kompetanse. Det er ikkje minst viktig at forskings- og utdanningsinstitusjonane vert ein ressurs for heile Vestlandet.

I ei tid med store og raske omskifte vil det vera viktig å auka kompetansen og høvet til vidaregåande utdanning. Fylket har eit stort ansvar for å leggja til rette slik at alle med utdanningsplanar har sjanse til å verkeleggjera desse. Å satsa på varierte utdanningstilbod er å investera i framtidig næringsutvikling. Potensialet for å omsetja forskingsresultat til kommersielle tenester og produkt er enno ikkje teken ut. Venstre meiner difor det bør leggjast betre til rette for eit forskingsbasert næringsliv.

Venstre ynskjer å føra ein aktiv politikk for dei delar av fylket som har stillstand eller nedgang i folketal og tal på arbeidsplassar. Eit allsidig næringsliv er ein føresetnad for å halda oppe busetnadsmønsteret i Hordaland. Sjølv om talet på yrkesutøvarar i landbruket har gått ned, er denne næringa svært viktig for busetnad og samfunnsliv i distrikta. For å halda oppe eit livskraftig landbruk, er det naudsynt å ha ein variert bruksstruktur.

Fiskeri- og havbruksnæringa er viktig for fylket vårt. Her vert det skapt store verdiar og gode arbeidsplassar. Venstre meiner at næringa må byggja på ansvarleg bruk av naturressursane, og at næringa må få rammevilkår som set ho i stand til å møta konkurransen i den internasjonale marknaden. Det må vera eit mål at ein større del av den fisken som vert landa og produsert i Hordaland, vert foredla her. Fylkesdelplanen for arealbruk i sjø må sjå til at det vert eit balansert høve mellom bruken av sjøareal mellom fritidsbruk, tradisjonelt fiske og havbruk. Venstre vil arbeida for at dei fiskerihamnene som er prioriterte i Hordaland, vert bygde, mellom anna for å sikra leveransar til vår lokale fiskeindustri.

Reiseliv er ei stor og viktig næring i fylket vårt. Vi har kyst, fjord, fjell, by, miljøkvalitetar og eit kulturmangfald som har stort potensiale for vidareutvikling av denne viktige næringa. Å oppretthalda levande bygder, kulturlandskap og ein rein natur er avgjerande for at vi skal lukkast.

Ei spanande integrering mellom kultur og næring kan gje alle partar eit løft. Både det profesjonelle kulturlivet og det meir folkelege kulturtilbodet er viktig og interessant for å skapa eit mangfald innan kvalitetsturisme over heile landet.

Fylkeskommunen må samarbeida med næringsliv, kommunar og statlege styresmakter for å sikra eit samspel som skapar grunnlag for eit heilskapsprodukt.

Venstre vil:
* prioritera omsynet til natur og arealressursar føre kortsiktig økonomisk vinst
* vidareføra arbeidet med Strategisk næringsplan i nært samarbeid med kommunane og
næringslivet
* at fylkeskommunen skal vera ein sentral samarbeidspartnar for næringslivet i deira satsing mot utlandet
* gjera det enklare å starta og driva små og mellomstore verksemder og
* stimulera til nyskaping i eksisterande verksemder
* samordna tenestene det offentlege gjer for næringslivet
* arbeida for at BKK held fram å vera eit selskap med regionalt offentleg eigarskap og tilsvarande kontroll.
* arbeida for at Hordaland vert eit føregangsfylke i alternativ næringsutvikling på gardsbruk, t.d. gjennom kulturlandskapspleie som produksjonsgrein og økologisk produksjon

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**