Ålgård – Noregs 50. største by?

Svaret på dette er enkelt : Ja, dersom vi vil. Rogaland har i dag 10 byar. Dersom Ålgård blir by nr 11, ville det blitt den 6. største i fylket. I heile landet er det 92 byar, her ville Ålgård plassert seg på plass nr 50 rekna etter innbyggjartal.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Av Knut Inge Andersen 1. kandidat for Gjesdal Venstre

Knut Inge Andersen

Knut Inge Andersen

Det er kommunestyret som har fullmakt til å gjere vedtak om bystatus. Det lovfesta kravet til folketal er 5000 innanfor det som blir definert som bygrenser.

Ved innleiinga av kommunevalkampen er det framleis enkeltsakene stadion, kyrkje og torg som dominerer. Dette er interessante og viktige spørsmål. Likevel – under det heile ligg det faktum at Gjesdal er ein kommune i sterk utvikling. Utbyggingsprosjekta inneber eit meir kompakt sentrum, framvekst av nye tilbod, samstundes med etablering av tunge næringsverksemder. Framfor alt vil folketalet auke sterkt dei kommande åra, særleg på Ålgård.

Eg meiner at tida er inne for å ta ordskiftet om bystatus for Ålgård. Det er naturleg å gjere det no før valet, slik at ulike synspunkt og nyansar mellom partia kan bli tydeleggjort for veljarane.
For min del er det omsynet til miljøet og skole som dei viktigaste enkeltsakene som talar for eit by-vedtak. Meir konkret : utsiktene til å realisere eit Bybaneprosjekt og til å få etablert Gjesdal Vidaregåande Skole.
Nemninga Bybane gjev i seg sjølv ein peikepinn – endestasjonen for banen skal vere ein by eller stasjonsby. Får vi realisert bybanen kan scenariet for Ålgård år 2015 sjå slik ut : ein grøn småby der den mest naturlege transportruta mot Sandnes, Sola og Stavanger er med tog. Utsleppa av CO2 frå banen vil vere tilnærma lik null.

Slik dei andre partia tenkjer pr idag er ei anna framtid meir sannsynleg: ein 4-felts motorveg, bompengefinansiert, forureinande, støyande og med store inngrep i landskapet. Kva meiner dei eigentleg med å ta vare på miljøet, når dei i praksis ynskjer å gi gass framfor å sakke av i tide?

Tek vi steget til bystatus no kan dette hjelpe oss med å få endra tankesettet i ein berekraftig retning. Ein ny, grøn by vil naturleg orientere seg mot kollektive løysingar framfor meir biltrafikk. Byen Ålgård vil ønskje, og få, eit velfungerande ringbuss-system knytt opp mot det sentrale stasjonsområdet. Byen Ålgård vil tenkje miljø når det gjeld gjenvinning, energibruk og forvaltning av grøne lunger i sentrum.

Utanom miljøsida er det fleire andre viktige saker som talar for at Ålgård tek steget opp ein divisjon og blir by. Framfor alt vil det falle naturleg å starte planlegging og realiseringa av Gjesdal VGS.
Ein by vil sjølvsagt ønske å få på plass sin eigen vidaregåande skole. Å profilere Ålgård som by gjer at Gjesdal Kommune for mange vil framstå som ein meir attraktiv arbeidsgjevar. Det inneber ein betre konkurranseposisjon når ein skal rekruttere og halde på fagkompetanse innan helse, omsorg og undervisning. Og ikkje minst – vi konsoliderer og tryggar Gjesdal sin posisjon som sjølvstendig kommune med eit sterkt tyngdepunkt i byen Ålgård.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**