Kvifor Venstre? Heilt sidan Venstre blei stifta, har partiet spela ei viktig rolle for utvikling av folkestyre og den norske velferdsstaten. Som eit sosialtliberalt parti har Venstre lagt vekt på både det enkelte menneskes rettar og fridom og det ansvaret samfunnet har. Det er framleis berebjelken i politikken til Venstre, både sentralt og lokalt.
Å prioritere eit godt offentleg tilbod for alle i Seljord er særs viktig, samstundes som det private næringsliv og friviljuge organisasjonar får gode arbeidsvilkår og støtte. I miljøspørsmål har Venstre vore pådrivar i mange år. Derfor vil Seljord Venstre sette miljøet i sentrum når beslutningar skal takast. «Ikkje tru for mykje på det dei politiske parti seier, tru på det dei gjer.» Du kan stole på Venstre.