2. Venstre ynskjer å verke samlande, og representerer ingen særinteresser. Kommune = fellesskap. Vi ynskjer lik handsaming av innbyggerane i kommunen. Like saker handsamas likt.
3. Vi går inn for åpenheit og innsyn i styringa av fellesskapet. Også i kommunale aksjeselskap.
4. Vi vil at fellesskapet sin eigedom skal vere under dei folkevalde sin kontroll.
5. Lover og reglar må følgjast skille mellom politikk og administrasjon må bli klarare og heilt klare etiske retningslinjer for tilsette og folkevalde må utarbeidast og vedtakast. Det er viktig at eigne og offentlige interesser ikkje vert blanda!
6.Kommunen er den største arbeidsgjevaren i lokalsamfunnet vårt. Venstre vil samarbeide med arbeidstakarane sine organisasjonar om ein god arbeidsgjevarpolitikk. Vi vil at arbeidstakarane skal kunne utvikle seg fagleg og personleg. Ikkje minst vil vi ha sikra retten til å seia frå om kritikkverdige forhold i kommunen.
7. Venstre ynskjer ei positiv og bærekraftig utvikling i kommunen. Dette kan vi berre få til om vi har ein heilskapeleg nærings-, kultur- og miljøpolitikk.
8. Venstre meiner framleis at det det er grunn til å arbeide for at konsesjonskraft/inntekter kan nyttast til å gje lågare straumprisar til dei som bur i kommunen.
9. Eldretilbodet i kommunen må takast opp til brei drøfting. Fornying i omsorgspolitikken er nødvendig og må fylgjast opp.
10. Tenk globalt- handle lokalt er slagordet til lokal agenda 21 som blei vedtatt av kommunestyret på nittitalet. I tråd med dette vil vi foreslå forbod mot tomgangskøyring ut over eit minutt i kommunen.
11. Venstre vil arbeide for betre informasjon til innbyggarane om helsefremmende arbeid; godt kosthold og fysisk aktivitet.
12. Vi vil arbeide for kommunal 25m svømmehall med stupebrett på Hovden, der ulike brukargrupper får tildelt tid.
13. "60km sona" på riksveg 9 i Bykle bør forlengast til avkjøringa mot Bykle Vindu.
14. Vi vil ha gangveg langs riksveg 9 fra Mosdøl til avkjøringa mot Storetjønn badeplass.
15. I tillegg til eksisterande lysløype i Bykle, ynskjer vi ei mindre krevande lysløype/tursti. Dette av omsyn til barn og eldre.