Sigmund Hagen er 48 år, og frå Hjelmeland. Han er gift og har to barn. Sigmund er opphavleg frå Erfjord, men han flytta til Hjelmeland for sju år sidan.
Han jobbar som styrmann om bord i Hjelmeland, er leiar i Hjelmeland Venstre og varamedlem til kommunestyre i denne perioden.
Saker han spesielt brenn for er skule, bulyst og miljø. Han ønskjer å setja innbyggaren i sentrum.