For fire år sida var : «Ny vekst i Eid» det sentrale valløftet for Eid Venstre. Ny vekst og optimisme har vi fått. «Vidare vekst i Eid» er derfor
eit naturleg valløfte for komande periode.
Venstre er eit sosialliberalt parti
Vi er opptekne av fridom for den enkelte
balansert med at vi tek vare på fellesskapet.
Mellom anna er det viktig at fellesskapet tek vare
på dei svakaste i samfunnet, t.d. eldre og
menneskje med funksjonshemming.
Venstre er eit miljøparti
Det å ta vare på naturen er den største utfordring
i vår tid – lokalt, sentralt og internasjonalt.
Gründertenking, entreprenørskap og dugnad
er viktig. Vekst i små og mellomstore bedrifter er
framtida . Eid Venstre ønskjer å vidareutvikla
samarbeidet mellom næringsliv, kulturliv, kommune
og andre offentlege verksemder, derfor er offensiv
næringsutvikling naudsynt.
Nordfjord som region er eit felles bu- og
arbeidsområde, eit tett samarbeid mellom
kommunane styrkjer heile regionen.