Bygge ny, eller renovere Eid sjukeheim
Talet på eldre i Eid kommune vil auke dei neste 15-20 åra. Eid kommune har i dag 2 sjukheimar som ligg med nokre få hundre meters avstand, medan heimetenesta er lokalisert på Eid Rådhus. Venstre vil no planlegge langsiktig, m.a. samle sengene på ein institusjon, samle dei tilsette innanfor pleie og omsorg fysisk nært kvarandre og utvide talet på senger i institusjonen. Enten må Eid sjukeheim renoverast og utvidast, eller så må det byggast ein ny og samla institusjon og bruke dei eksisterande bygga t.d. til omsorgsbustader, dagtilbod, kontor m.m.
Styrke eldreomsorga
Arbeidet med å styrke eldreomsorga har allereie starta, men arbeidet må halde fram. Det må jobbast på fleire felt : vurdere talet på tilsette, auke kompetansen, organisere tenestene på ein effektiv og god måte, god leiing, god samhandling med Helse-Førde, organisering av andre tenester m.a. tilsynslegeordninga.
Betre tilbodet for unge funksjonshemma i høve til bustad og dag-aktivitet
I Eid kommune har vi ei gruppe unge funksjonshemma som treng eit betre tilbod i høve til eigna bustad. Nokre bur i dag i eigen bustad, andre treng dette snart. Dette arbeidet er viktig, og det hastar med å kome vidare. Desse unge menneska har óg behov for eit betre tilbod i høve til eigna jobb og aktivitet på dagtid.
Sikre fullverdig drift av Nordfjord sjukehus (NSH)
Nordfjord sjukehus er eit veldrive lokalsjukehus med tilbod som Nordfjord treng. Sjukehuset har stor støtte og tillit i lokalmiljøet. Venstre vil at tilboda sjukehuset har i dag skal bestå, og jobbe for at sjukehuset kan bli ytterlegare styrka m.a. i høve til rehabilitering.
Felles legevaktsentral i Nordfjord
I Nordfjord har ein allereie prøvd ut felles legevaktsentral lokalisert til Nordfjord sjukehus i eitt år. Fagleg sett var det ein suksess, men ordninga blei likevel avslutta etter politiske vedtak. Venstre vil jobbe for å få ordninga etablert igjen som eit varig tiltak. Felles legevakt gjer det lettare å rekruttere legar til regionen, det er eit fagleg godt tilbod til pasientane, det styrkjer samhandlinga mellom kommunane og sjukehuset og det styrkjer Nordfjord sjukehus.
Betre samhandling mellom Eid kommune/NSH/Helse Førde
Rapporten om lokalsjukehusa som blei lagt fram i vår peika på oppgåvene lokalsjukehusa skal ha i Noreg. Den stadfestar lokalsjukehusa sin sentrale og viktige plass i norsk helsevesen. Mellom anna la rapporten stor vekt på å styrka samhandling mellom lokalsjukehusa og kommunane. Dette arbeidet må prioriterast både frå sjukehusa og kommunane si side, og samhandlinga må gjelde både for dei medisinske miljøa og på leiarnivå i dei respektive organa.
Endre og betre tilsynslegeordninga på institusjonane
Helsetilstanden til dei som bur på norske sjukeheimar i dag har endra seg mykje dei siste 15-20 åra. På grunn av gode medisinar, høg medisinsk kunnskap og flinke fagfolk, lever eldre menneske med sjukdom. Det gjer at mange av dei som i dag bur på institusjon har stort behov for medisinsk behandling og rehabilitering, ikkje berre trygg og god pleie. Systemet med tilsynslege bør endrast/betrast slik at det tek høgde for dette behovet. Samhandling med Helse-Førde sitt geriatriteam bør vere ein del denne endringa.
Full barnehagedekning
I Eid kommune har det lenge vore god barnehagedekning, men behovet er stadig aukande. Dette er ei god og ønska utvikling. Venstre ønskjer at Eid kommune skal vere ein attraktiv stad å bu for alle, ikkje minst for unge menneskje som har eller som planlegg å få barn. For dei er full barnehagedekning svært naudsynt og viktig. I Eid kommune må det til ei kvar tid vere så mange barnehageplassar at vi kan tilby plass ikkje berre til dei barna som allereie bur i kommunen, men også til dei som har foreldre som vurderer å flytte hit.
Renovere Haugen skule
Det er attraktivt å bu i Haugen skulekrins. Den har eigen skule, nydeleg natur, flott kulturliv, aktive og engasjerte innbyggarar. Det er kort veg til arbeidsplassar, butikkar m.m. i Eid sentrum. Alle dei andre skulane i kommunen har vore igjennom naudsynt renovering, no står Haugen skule igjen som den siste. Med gledeleg aukande barnetal både i skule og barnehage, er denne renoveringa heilt naudsynt.
Fullføre renovering av Eidsgata fram til Eid kyrkje
Eidsgata har fått ei etterlengta og svært naudsynt renovering. Den har blitt ei funksjonell og vakker gate frå Almenningen til Moengården. Venstre vil jobbe for at vi får fullført renovering av Eidsgata, altså frå Moengården til Eid kyrkje.
Sikre god drift av nytt kulturhus
Eid kommune vil snart få eit fantastisk spennande kulturhus samlokalisert med Eid vidaregåande skule. Bygget i seg sjølv skaper ingen aktivitet, det er det dei menneskelege ressursane som kan gjere. Både av omsyn til dei store forventningane som er skapt i høve til innhald i huset, og ikkje minst i høve til økonomien, må vi sikre god organisering av drifta.
Styrke kulturskulen
Eid kommunale kulturskule er ein stor ressurs for lokalsamfunnet. Sjølv om mange barn i dag får eit tilbod der, og tilboda har blitt utvida siste åra, ønskjer Eid Venstre å styrke kulturskulen ytterlegare. Det er etterspurnad etter instruksjon i høve til dans, trommer/perkusjon, treblåsinstrument og større kapasitet på gitar. Skulen bør óg på sikt få tilbod innafor drama. Kulturtilbod til unge vaksne funksjonshemma bør óg utvidast.
Vurdere leigesatsar i idrettshus og idrettsanlegg
Dette er eit tema som stadig kjem opp i budsjettdebattane. Leigesatsane for barn og unge som driv med idrett i kommunale bygg er høge. Venstre ønskjer å jobbe planlagt og langsiktig for å sjå om det er muleg, på tross av stramme budsjett, å gjere noko for å betre tilhøva for barn og unge som ønskjer å drive med idrett i kommunale bygg og anlegg.
Offensiv satsing på næringsutvikling og evaluere org. av tiltaksapparatet
Offensiv satsing på næringsutvikling er avgjerande viktig for ytterlegare vekst i Eid. I dag blir det jobba med næringsutvikling på fleire nivå, og i fleire organ. Venstre meiner vi må arbeide meir aktivt for å sameine kreftene og finne fram til gode, og ikkje minst effektive, tiltaksapparat for å få ei endå betre og endå meir offensiv næringsutvikling i Eid.
Samanhengande gang- og sykkelveg Hjelle Haugen
Gang og sykkelvegar er svært viktig. Dei er sjølvsagt viktige for å trygge alle som går og syklar i høve til anna trafikk, men dei er og viktige som arena for auka satsing på fysisk aktivitet som helsefremjande faktor. Eid har i denne perioden fått på plass gang og sykkelveg på Langeland og vest for Hjelle skule. Det har blitt jobba aktivt for forskottering av ein absolutt naudsynt gang-og sykkelveg på Haugen. Venstre ønskjer at det på sikt skal bli samanhengande gang- og sykkelveg frå Haugen/Ryssta til Hjelle.
"Timeekspress" aust-vest i fjorden
"Timeekspress" er eit omgrep som har blitt nytta om Fjord 1 sine bussruter mellom Kristiansund Volda der bussane har gått kvar time.
Det er stor pendling mellom tettstadane i Nordfjord, både vaksne og barn/unge pendlar. Venstre ønskjer å vere offensive i høve til auka satsing på kollektivtransport, og jobbe for å få "Timeekspress aust-vest i Nordfjord.
Halvtimes avgangar Lote-Anda fram til bru
Lote-Anda er eit ferjesamband på stamvegen nord-sør. Det er politisk vedteke at stamvegen på sikt skal vere ferjefri. Dette ferjesambandet er eitt av dei mest trafikkerte sambanda på Vestlandet og i Noreg, og trafikken er aukande. Venstre vil jobbe aktivt for at det skal vere muleg å krysse Nordfjorden med bru mellom Lote-Anda. Inntil dette er ein realitet, må det bli halvtimes avgangar.
Klimaplan i kommunen
Eid kommune har vore flinke til å tenkje miljø, særleg i høve til energiøkonomisering, noko bruk av fjordvarme er eit døme på. Venstre har fremja tanken om at vi Eid kommune må vere endå meir offensive i høve til å betre klimaet, og meiner det er naudsynt at det blir laga ein klimaplan for kommunen.
Jobbe mot planane om luftboren kraftline Fardal-Ørskog
Eid Venstre har i to høyringsrundar kjempa mot Statsnett sine planar om at denne store kraftlina skal førast gjennom Eid kommune via eit stort luftbore nett. Venstre vil halde fram med å øve press mot både fylkeskommune, regjering og stat om at lina må gå som sjøkabel.
Etablere "Bondens marknad" i Eid
Bondens marked er ein organisasjon som jobbar for at små nisjebedrifter møtast regelmessig på ein tettstad for å marknadsføre og selje sin produkt. Venstre ønskjer å jobbe for at vi kan få slike marknadsdagar her i Eid.
Auke i Faire Trade handel
Faire Trade handel er handel med varer frå den tredje verda. Varene som blir formidla gjennom dette systemet er merka spesielt. Venstre ønskjer at det ska bli fleire slike varer i butikkane i kommunen, og at vi får ei auka merksemd på desse varene.
Tilgjengeleg differensiert næringsareal til ei kvar tid
Tilgjengeleg næringsareal til ei kvar tid er svært viktig i høve til auka vekst. Differensiert næringsareal vil i denne samanheng bety at vi må ha næringsareal som er tilpassa dei ulike behova som der vil vere hjå dei som etterspør slikt areal.