Kandidaten: Anne Kathrine Edland (43) står på 2. plass på Venstrelista

– Anne Kathrine, for nokre år sidan var det ein populær sang som heitte «Røkke og Gjelsten og I». Er det du som er I ? Ho smiler lurt ; – Det hadde sikkert ikkje vore dumt og vore i lag med dei to, men dessverre så er det einaste vi har til felles at vi seier I i staden for eg. Det har nok noko med ein oppvekst i Molde å gjera er eg redd.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


— Men nå er det blitt jærbu av deg ?

– Ja, eg er gift med ein ekte jærbu og har nok slege rot her på Nærbø er eg redd. Her har eg alt det eg og familien treng, flott nytt idrettsanlegg, ridesenter m/ridehall, Jærmuseet, stampen, butikkar, togstasjon, Nærbøparken, svigermor og svigerfar si hytte i Sirevåg. Sirevåg er forresten ein fantastisk fin plass, smiler ho frå øyre til øyre.

Anne Kathrine Edland

Det er aldri vanskeleg å sjå når Anne Kathrine verkeleg meiner det ho seier. Ho snakkar med heile kroppen og blir fort engasjert når det er saker ho brenn for og resten av Venstre-gruppa har klokeleg lært seg at då er det best å lytta for dette meiner ho verkeleg.

– Du er utdanna sivilagronom frå landbrukshøgskulen på Ås, då var det vel lett å få seg arbeid på Jæren ?

– Ja, det var i grunnen ikkje så vanskeleg. Eg fann fort ut at eg likte å undervisa og har arbeidd i vidaregåande skule heile tida, men unntak av nokre få år i næringslivet der eg arbeidde med fiskeoppdrett. Idag er eg tilsett som lektor på Øksnevad vidaregåande skule der eg underviser i naturfag og hestefag.

— Hest ja, der kom det stikkordet igjen. Du er visst ganske oppteken av hest ?

– Ja, det kan eg vel ikkje nekta for, smiler ho. Eg underviser i hestefag på jobben, eg rir sjølv jamnleg og eg instruerer i riding på Lode ridesenter 1-2 gonger i veka og eg har vore styremedlem i Nærbø rideklubb. Og som om ikkje det var nok så har eg alltid litt litteratur om hest liggjande dersom eg skulle få litt tid til overs.

Vi har henne ikkje mistenkt for å ha så mykje av det siste med 3 born under 10 år, full jobb og masse engasjement utanom.

– Vår utsendte reporter i Molde har også plukka opp rykte om at du har ei fortid som aktiv idrettsutøvar sjølv?

— Javisst, eg har spela aktiv håndball både i Rival, Molde, i Vestar og nå i Nærbø IL så det har vore ein stor lidenskap i mange år. Og ennå er eg trenar for J-9 laget på Nærbø, kjempegildt å sjå korleis jentene utviklar seg i den alderen. Dessutan har eg spelt i korps og eg spelte i min ungdom fotball på Molde FK og tok nesten gull i Norway Cup ……

— Nesten gull, betyr det sølv det eller ?

– Ja, ok då, sølv, smiler ho og let det skina gjennom at det var litt ergerlig å bli snytt for gullet.

– Og så ser vi at det også finnes ein smule engasjement andre stader også, ikkje bare i idretten.

— Ja, det blir litt her og der. Eg har sete i FAU på Motland skule i 3 år, det siste året som leiar, eg har vore
styremedlem i rideklubben og i håndballgruppa og eg har vore leiar i utdanningsforbundet på Øksnevad skule. Men akkurat nå er eg bare nestleiar i naturvitarforbundet ved skulen, smiler ho, mens vi andre prøver å få att pusten.

– Det er ganske tydeleg at du ikkje har fritidsproblemer, får du i det heile tatt tid til overs ?

– Eg prøver å sova litt fort, ler ho. Eg kunne godt ha tenkt meg at 5 timars søvn var nok for dagane blir ofte litt korte. Eg vil så gjerne sjå litt på TV og for ikkje å gløyma litt lesing. Eg prøver å halda
meg oppdatert på litt faglitteratur innan naturfag og hestefag og så les eg gjerne litt annan litteratur innimellom.

Vi andre som strevar med å få døgnet til å gå opp skulle gjerne likt å sett på når ho får tid til å lesa annan litteratur. Det må vera i dei timane ho sparer på å sova fort…

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**