Eg har kjøpt Think-bil!

Agderposten, 1. august 2007: I dag har eg skrive namnet mitt på eit viktig papir: kjøpekontrakt for el-bilen Think. I mars-april neste år er eg den glade, miljøvennlege og stolte sjåfør i ein av dei mest miljøvennlege bilar i verda. Heile familien gleder seg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Anne Solsvik og Jan Kløvstad i Think (elbil)

Foto: Venstre

Think presenterte bilen på Unge Venstres sommarleir på Hove i dag. Kontrakten er underteikna, og eg får bilen i mars-april 2008. Salgsjef Sjur Heglund (tlf 97 60 02 66) ga ei grundig og skikkeleg orientering, svarte på mange spørsmål frå leirdeltakarane, og lot alle som ville prøvekøyre.

Dette er ikkje første gongen eg ser meg om etter miljøvennleg bil.

I 1989 køyrte daverande partileiar Arne Fjørtoft og eg bil på LPG – flytande naturgass. Vi reiste til Vialle-fabrikken i Nederland og installerte LPG-tank i bagasjerommet. Da var det eit av dei aller beste miljøalternativa, og eg laga eit 40-50 siders hefte om LPG. Men dessverre var motstanden mot LPG-gass så sterk i Arbeidarpartiet og delar av bilbransjen at vi ikkje nådde fram den gongen for 18 år sidan. Med LPG kan vi redusere CO2-utsleppet med ca 25% og NOx-utsleppet med ca 50% samanlikna med bensin. Og det er ikkje verst. Men LPG-stadiet var Venstre på for 18 år sidan, nå har vi gått mange steg vidare. Med El-bil blir utsleppet av CO2 og NOx redusert til null.

Prisen er kr 199.000, pluss litt for vinterdekk, bilradio,ekstra sett felgar og slikt som på alle andre bilar.

El-bil er det mest miljøvennlege som finst tilgjengeleg på europeiske vegar, Derfor har eg kjøpt Think.

I Venstre skal vi ta miljøet på alvor. Bli gjerne med i Think-alderen!

Meir om Think på www.think.no, eller hos Sjur Heglund på [email protected].

Jan Kløvstad og salgssjef Sjur Heglund i Think med kjøpekontrakten til Think (elbil)

Foto: Venstre

På bilda ser vi andrekandidat Anne Solsvik og førstekandidat Jan Kløvstad i bilen, og salgssjef Sjur Heglund og Jan Kløvstad med det framtidsretta verdipapiret kjøpekontrakten for det som kanskje blir Aust-Agders første Think-bil.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**