Brev til kulturen: Finst Stavanger 2008 — i år 2010?

Den viktigaste datoen for Stavanger 2008 er truleg ein dag i 2009. Eller 2010. Elle kanskje endå seinare. Det er då vi får svar på det viktigaste spørsmålet i heile dette prosjektet — har ein klart å skapa varige verdier som Stavangerregionen får glede av i framtida. Hvis svaret på det spørsmålet er nei, så har sikkert 2008 vore ein flott fest men ein har ikkje løyst den oppgåva som det var meininga å løysa.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Når spørsmålet om Stavanger 2008 bare er eit påfunn blir reist i Aftenbladet nyleg, så er det eit betimeleg spørsmål. Når organisasjonen bak prosjektet har store problem med å få fram kva som er dei store konkrete prosjekta til innbyggjarane i regionen, så må det vera lov å spørja slik. Sjølv reknar eg meg som eit normalt kulturelt interessert menneske og eg har ennå ikkje sett noko konkret prosjekt som eg vil stå i kø for å få billettar til. Ei rekke gjestande teaterensemble skal laga teater av topp kvalitet, javel. Nokre storslåtte konsertar i Vågen, javel. Kunstutstillingar med verdskjende kunstnarar, javel. Ein sirkustrupp med akrobatar i ein fjellvegg, javel.
Alt dette er sikkert framsyningar av høg kvalitet som det kan bli interessant å vera tilskodar til og alle desse samla på eitt år vil nok skapa ein slags festival-happening-stemning som Stavanger kan vera stolte av — i 2008 og litt til. Men at Stavanger kan arrangera festivalar og store folkefestar av høg kulturell kvalitet er då inga nyhet ? Publikum her i regionen er etterkvart ganske så vane med kulturelle arrangement av høg kvalitet.

Underteikna har støtta Stavanger 2008 lenge. Som fylkespolitikar har eg hatt stor sans for det eksperimentet som vågale politikarar i byen sette i gong. At alle former for kultur og ikkje minst mangfoldet innan kulturen er viktig er det ingen tvil om. At kultur også er viktig for trivsel og for næringslivet har eg og full forståelse for — inkludert det at kulturaktiviteter i seg sjølv kan skapa varige og spennande arbeidsplasser. Men når eg — og Rogaland Fylkeskommune — har vore med og støtta 2008 — prosjektet så har det også vore med ei klar målsetjing om at det skal skapast varige verdiar for heile regionen. Eg må tilstå at det hittil har vore vanskeleg å få auge på kva desse verdiane er og korleis dei skal bli varige.

Stavanger 2008 organisasjonen må nok bruka kreftene sine på meir utadretta aktiviteter framover om vi som ser dette utanfrå skal bli overtydd. At dei til slutt klarer å få formidla programmet sitt til publikum, det er eg overtydd om. Men korleis dei varige verdiane skal bli skapte — og bli varige utover 2008, det ser eg fram til meir overbevisande informasjon om.

Særleg er eg spent på korleis vi som ikkje bur i Stavanger eller Sandnes by vil bli tilgodesett med varige verdiar.

Jon Arne Silgjerd
Fylkespolitikar, Venstre.
Tidl. Leiar i Regional- og kulturutvalget i Rogaland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**