Nominasjonsnemnda presenterer kandidatane

Nominasjonsnemnda legg fram eit listeforslag som skal gi Aust-Agder tre dyktige og aktive Venstrefolk på fylkestinget og gjere fylket og landsdelen grønare, meir liberalt og meir sosialt. På toppen av lista står Øystein Haga.

Å sette opp ei liste er eit mangfaldig arbeid. Det er fleire hensyn vi skal ta. Venstre i Aust-Agder har all grunn til optimisme nå. Vi må heilt tilbake til 1969 for å finne eit betre stortingsval for Venstre i Aust-Agder enn i fjor. Vi har fått stadig fleire aktive og dyktige folk som er villige til å arbeide mykje og godt. Vi kan altså spreie oppgåvene på fleire enn vi har hatt høve til å gjere i mange magre år.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Meiningsmålingane i heile haust er langt, langt betre enn noen haust eller noe år vi kan hugse, dei fleste av oss som er her, sa leiar Jan Kløvstad i nominasjonsnemnda under nominasjonsmøtet i går kveld. – Programnemnda lagar felles program med Vest-Agder Venstre, og Venstre sentralt har peika ut Arendal som ein av om lag 15 særlege satsingskommunar i kommunevalet neste år.

Jau, det ser lyst ut. I 2003 mangla vi 37 stemmer på å få inn andremandatet i fylkestinget. Med godt arbeid skal vi kjempe om tre mandat, og det er gode sjansar for at vi kan lykkast med det.

I nominasjonsnemnda i år har desse vore med: Kai Ove Sandåker frå Gjerstad, Eva Winge Hæstad frå Lillesand, Hans Antonsen frå Grimstad, Lilly Berland frå Venstrekvinnelaget, Daniela Plaza Fuenzalida frå Unge Venstre og Jan Kløvstad frå Arendal som leiar i nemnda. Nemnda har lagt opp til ein åpen prosess, sendt e-postar og brev til lokallaga og henta inn forslag, og vi har tatt mange telefonar til lokallaga. Siste frist for å kome med forslag før nemnda sette opp siste listeforslaget sitt var 15. november.

I nemndas møte 17. november hadde vi kalt inn aktuelle kandidatar til dei første plassane til samtale om ambisjonar på vegner av Venstre, om eigne krefter og ambisjonar, og om viktige mål for Venstre i landsdelen. Vi bestemte oss for å dele Venstrefolket stort sett i to, i alle fall når vi tenkte på dei øvste 6-8 plassane på fylkestingslista:

På fylkestingslista står dei som går 100% inn for å drive valkamp for å kome inn på fylkestinget. Med så mykje god arbeidslyst og så kompetente folk, bestemte vi oss for at vi ikkje skulle plage folk til å ha to, tre, ire fem framskutte posisjonar samtidig. Vi skal bygge opp folk, ikkje slite dei ut.

Venstre viser ansvar overfor veljarane, og vi satsar på blanding av kontinuitet og nyskaping. Tidleg i prosessen fekk vi ja frå Øystein Haga til førsteplassen. Øystein var varamedlem til fylkestinget og møtte fleire gongar mellom 1999 og 2003, og nå er han vår einaste fylkestingsmedlem, ofte også møtande varamedlem i fylkesutvalet. Øystein Haga har vore ein markert gruppeleiar for Venstre i Grimstad kommunestyre i 11 år. han fekk flest personlege stemmer av alle i kommunevalet i Grimstad i 2003, og er truleg hovudgrunnen til at ingen andre parti i Grimstad tør å ha direkte ordførarval? Han sit også i plan- og økonomikomiteen i Grimstad kommunestyre, var fylkesleiar og landsstyremedlem i Venstre 2001-2005, og er nå nestleiar i fylkesstyret. Også utanfor kommunestyresalen i Grimstad og fylkestingssalen gjer han nytte for seg. han er mellom mykje anna styremedlem i Ibseniana, kortfilmfestivalen i Grimstad, Aust-Agder næringsselskap, Grimtsda idrettsråd, Ibsenhuset og Grimstad bymuseum, – og varamedlem i styret for fullriggeren “Sørlandet”. Han og Solveig har også fått seg passande adresse: i Henrik Ibsensgate midt i Grimstad sentrum.

Altså, nominasjonsnemnda foreslår Øystein Haga som toppkandidat.

Marianne Sigurdson Lyngvi

Foto: Venstre

På andreplassen foreslår vi Marianne S. Lyngvi, Arendal. Ho er etter- og vidareutdanningsdirektør i Høgskolen i Agder, var kommunestyremedlem i 8 år i tidlegare Tromøy kommune, og nå bystyremedlem og driftsstyremedlem i Arendal kommune sidan 1999. Ho har hatt og har ei rekke viktige verv på vegner av Arendal bystyre og driftsstyre. Marianne var leiar av Norges Venstrekvinnelag og Venstres landsstyre og sentralstyre i fem år, frå 2000 til 2005. Ho er medlem av Venstres Afrikagruppe. Samfunnsutvikling, likestillingsspørsmål, kultur og næringsutvikling er mellom dei mange arbeidsfelta til Marianne. det er lenge sidan Arendal har hatt kandidat så høgt oppe på Venstres fylkestingsliste. Vi veit Marianne Sigurdson Lyngvi vil trekke mange samfunnsinteresserte arendalittar til venstrelista.

Anne Midtlien

Foto: Venstre

Tredjekandidaten, kampkandidaten vår, er Anne Midtlien frå Grimstad. Anne Midtlien var andrekandidat ved stortingsvalet i fjor, og gjorde seg godt kjent både innan Venstre og elles i fylket gjennom den valkampen. Ho var langt frå ukjent frå før, som leiar av Grimstad Venstre, kommunestyremedlem i Grimstad, bygningsrådsmedlem, medlem av Grimstad tomteselskap, menighetsråd, kirkekor og Hamsunselskapet. Ho er leiar av Venstrekvinnelaget i fylket og medlem av fylkesstyret i Venstre. Nå arbeider ho som førstekonsulent ved NAV i Aust-Agder, er utdanna spesialsjukepleiar og har vore både spesialsjukepleiar, avdelingssjukepleiar og oversjukepleiar ved psykiatrisk avdeling ved sjukehuset i Arendal. På fylkesplan og landsplan har ho hatt mange leiande verv innan sjukepleiarforbundet og psykiatrien. Ho er også aktivt i kor og menighetsarbeid. Anne kastar seg ut i kampen for å skaffe Venstre tredjemandatet i fylkestinget.

Daniela Plaza Fuenzalida

Foto: Venstre

Daniela Plaza Fuenzalida frå Lillesand er 18 år og har vore Unge venstremedlem sidan 2003. Ho er fylkesleiar i Unge Venstre sidan mai i år. Ho går siste året på Møglestu videregående skole og tar sikte på arbeidsår i Oslo med mykje Unge Venstre i tillegg til fylkespolitikk i Aust-Agder frå neste haust. Vidare er planen å ta tre år med internasjonale studier før ho startar arbeidet mastergrad i statsvitskap. I fylkespolitikken vil Daniela arbeide for å betre kollektivtilbodet, styrke den vidaregåande skolen og sørge for en meir human handtering av rus-saker.

Kai-Ove Sandåker

Foto: Venstre

På femteplassen foreslår nemnda ein erfaren kommunepolitikar i Gjerstad, Kai Ove Sandåker, som går t av kommunestyret etter tre periodar neste haust. Han har vore drivkrafta i eit sterkt Venstrelag med framgang frå val til val. Han har møtt både på landsmøte i venstre, hatt fleire peridoar i fylkesstyret, har bakgrunn frå ungdomslag og anna frivillig organisajsonsarbeid og kjenner partiet og fylket ut og inn.

Torunn Haugen Markussen, født i Grimstad og busett i Lillesand er sjettekandidaten. Ho er tidlegare f

Torunn Haugen

Foto: Venstre

ylkessekretær i Venstre, har mastergard i offentleg administrasjon, arbeider i eit av dei regionale sentra for statleg økonomistyring i Kristiansand, har arbeidd i fylkesadministrasjonen i Vest-Agder og er nå første varamedlem til fykestinget i Aust-Agder. Torunn har vore leiar av Lillesand Venstre, og har tatt mange krafttak både for Venstre og Lillesand og for Lillesand kirkeakademi.

Kandidat nr. 7 er Aslak Heim Pedersen, rektor på Birkenlund skole, tidlegare varaordførar i Arendal og leiar i fylkets største folkerørsle, Aust-Agder Idrettskrets. Aslak er også kasserar i Arendal Venstre og har lang erfaring både politisk, administrativt og i det frivillige organisasjonslivet.

8. kandidaten har også heimstadadresse i Arendal. Det er Anne Solsvik, nestleiar i Norges Unge Venstre, tidlegare leiar i internasjonalt utval i Unge Venstre og ein av dei to austegdene som sit i det nemnte sentralstyret. Den andre er Johanne Stemre frå Grimstad, som vi hadde stor nytte av på fjerdeplassen på stortingslista i fjor. Anne vil pendle mykje mellom Oslo og Arendal, og er også tiltenkt ein sentral plass på bystyrelista i Arendal. Anne Solsvik har også vore mellom dei fremste internasjonale menneskerettskjemparane for demokrati i Kvite-Russland, med på fleire studiereiser, vertskap her heime, og leiar på Unge Venstre sine sommarleirar på Hove.

Nr. 9 er byglendingen Olav Aasen Haugsgjerd, 18 år og elev ved Hornnes videregående skole. Han har nettopp kvalifisert seg til den høgthengande 4H-plaketten, etter 8-9 års aktivt og seigt arbeid i Framsteg 4H i Bygland. Styremedlem i Mållaga på Agder. Mange av oss møtte Olav på sommarstemnet hos Tora og Anders Buestad i Lillesand i juli, der han kasta seg ut i frisk diskusjon om samferdslepolitikken med Odd Einar Dørum, og fekk ein trufast lyttar i same Dørum.

På 10. plassen kjem den første som vi trur også er toppkandidat i eigen kommune. Det er fylkesleiar, landsstyremedlem, tidlegare – og komande – kommunestyremedlem i Tvedestrand, Line Øvernes Mørch. I tillegg til solid Venstrearbeid er ho også aktiv i musikklivet i Tvedestrand, kajakkpadlar, dyrlege og leiar i Human-etisk Forbund i Tvedestrand og Risør. Line er kumulert på førsteplassen i Tvedestrand i kommunevalet neste år.

Det var dei ti første. Dei neste skal eg kkje ta så grundig, sjølv om det er gode folk heile vegen. Men noen små ord her og der:

1. Øystein Haga, Grimstad
2. Marianne Sigurdson Lyngvi, Arendal
3. Anne Midtlien, Grimstad 14 stemmer, 4 stemmer avgitt for Daniela Plaza Fenzalida
4. Daniela P. Fuenzalida, Lillesand, Unge Venstre
5. Kai Ove Sandåker, Gjerstad
6. Torunn Haugen Markussen, Lillesand
7. Aslak Heim Pedersen, Arendal
8. Anne Solsvik, Arendal
9. Olav Åsen Haugsgjerd, Bygland
10. Line Øvernes Mørch, Tvedestrand

11. Marius Brufjell, Iveland
Jernbaneforkjempar, veldig aktiv i Iveland og jamnt møtande i alle samanhengar på fylkesplan der det er kunnskap å hente, – og kome med.

12. Mariane Hagestad, Birkenes
Birkenes sin fremste representant på lista nå. Dataekspert.

13. Jan Albert Haagensen, Evje og Hornnes
Dagleg leiar av Setesdal reisetrafikkråd, tidlegare rådmann i Evje og Hornnes kommune,

14. Sølvi Røksland, Risør
Kommunestyremedlem og formannskapsmedlem i Risør, deltok på Venstrelandsmøtet i 2004.
15. Signe Lyngroth, Froland
Naturforvaltar frå Froland, har arbeidd ved Fylkesmannens miljøvernavdeling. Natur, miljø, familie- og sosialpolitisk interessert.

16. Amira Rizvanbegovic Pedersen, Arendal
Nestleiar i Arendal Venstre, lærar og student, opprinneleg frå Balkan.

17. Inger Ettestøl, Vegårshei
Ein av dei best likte lærarane på Vegårshei.

18. Geir Salve Sollie Håland, Tvedestrand
Student på HiA, fotballspelar, kumulert på Tvedestrandslista.

19. Elsa Almås, Grimstad
Sexolog, medlem av kontrollutvalet i Grimstad kommune.

20. Odd Håvard Dahle, Iveland
Arbeidsleiar i Nordsjøen, styremeldem i El & It-forbundet i fem år, kommunestyremedlem og formannskapsmedlem i Iveland, kommunen der vi gjerne får 17% i kommuneval. Fotball-leiar, elgjegar, naturvernar.

21. Tonje Berger Ausland, Gjerstad
Lærar, fylkesstyremedlem.

22. Dega Abdi Aman, Arendal
Tolk i Arendal kommune, opprinneleg frå Somalia, har budd i Norge i 12 år. Blir truleg også ein av toppkandidatane i Arendal.

23. Arild Eeg, Risør
Eigar av Risør Akvarium, sjølvstendig næringsdrivande.

24. Eva Winge Hæstad, Lillesand
Medlem av planutvalget i Lillesand, leiar av Lillesand Venstre, fylkesstyremedlem og medlem av nominasjonsnemnda.

25. Tor Ivar Karlsen, Arendal
Eigar av Evje-klinikken, landsleiande i slanking for sjukleg overvektige. Pendlar mellom Evje og Arendal. Styremedlem i Arendal Venstre.

26. Helene Fredly, Bykle
Kommunstyremedlem og kulturarbeidar i Bykle.

27. Knut Heggen, Froland
Ingeniør i Asplan Viak, tidlegare kommunestyremedlem i Froland, nå medlem av kontrollutvalget i Froland kommune.

28. Margit Elise Karlsen Rinde, Grimstad
Styremedlem i Grimstad Venstre.

29. Petter Toldnæs, Lillesand
Dataeksperten i fylkeslaget, som nå tar ansvar for heimesidene våre.

30. Aud Fossli, Arendal
Medlem av eldrerådet i Arendal, valt av bystyret. Tidlegare sekretær og styremedlem for Aust-Agder orienteringskrets. Mor til ein verdsmeister og Norgesmeister i orientering og kombinert, og mor til venstres kommunestyremedlem på Notodden.

31. Tormod Oksefjell, Evje og Hornnes
Oensjonert rektor, tidlegare fylkestings- og fylkesutvalsmedlem i to periodar, mangeårig kasserar i Aust-Agder Venstre.

32. Stig Sevenius, Tvedestrand
Blåskjelloppdrettar, tidlegare oppmålingssjef i Tvedestrand og fylkeskartsjef i Aust-Agder og Finnmark.

33. Tor Audun Danielsen, Lillesand
Kommunestyremedlem med mykje meir i Lillesand.

34. Tove Nevisdal, Grimstad
Kommunestyremedlem i Grimstad, storkjøkkenleiar i Arendal kommune.

35. Torstein Andersen, Arendal
Lektor på Dahske videregående skole i Grimstad, tidlegare bystyremedlem og formannskapsmedlem i Risør, nå busett i Arendal. Tidlegare kasserar i Aust-Agder Venstre i mange år.

36. Gjeruld Lunden, Gjerstad
Snekkar, sjølvstendig næringsdrivande og kommunestyremedlem i Gjerstad.

37. Anlaug Stenersen, Risør
Driv gullsmedbutikk og er ein av to bystyremedlemer for Venstre i Risør.

38. Erling Aasebø, Tvedestrand
Overformyndar i Tvedestrand, mangeårig aktiv venstremedlem og aktiv i organisasjonslivet i byen.

39. Hanne Hansson, Lillesand
Tidlegare fylkesleiar, fylkestingsmedlem, stortingskandidat, fylkesleiar og landsstyremedlem.

40. Anne Mo Grimdalen, Grimstad
Tidlegare kommunestyremedlem i Grimstad, fylkestings- og fylkesutvalsmedlem, stortingskandidat, fylkesleiar og landsstyremedlem. Aktiv folkedansar og mykje meir.

41. Fred J. Engesæth, Arendal
Tidlegare leiar i Oslo Venstre, bystyremeldem og formannskapsmedlem i Arendal i fleire periodar, fylkesleiar i Aust-Agder Venstre, aktiv korsongar, lektor ved videregående skole i Arendal.

På vegner av nominasjonsnemnda.

Jan Kløvstad
leiar

Jan Kløvstad

Foto: Agderposten

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**