Frp har stor skuld i sjukehusproblema

“Alle partier — utenom Frp — er eller har vært i posisjon og er derfor i større eller mindre grad ansvarlige”, skriv Bente Aasjord i ein elles særs god, informert og delvis sjølvopplevd kronikk om helsereformen og helseforetaka i Nationen 23. juli. Dette er direkte feil.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Den statlege overtakinga av sjukehusa blei gjennomført av Arbeidarpartiets Tore Tønne og Framstegspartiets John Alvheim i spissen, og med Høgre som støtte. Sentrumspartia og Sosialistisk Venstreparti stemte mot.

Leif Helge Kongshaug

Foto: Rune Kongsro

Venstres Leif Helge Kongshaug (bildet) sa frå Stortingets talarstol at dette var den største avdemokratiseringa i nyare tid.

Men folks minne er kort, og stadig fleire kommentatorar og skribentar opptrer som nyttige idiotar Framstegspartiet. Berre Arbeidarpartiet har like stort ansvar for den statlege overtakinga av sjukehusa som Framstegspartiet. Og det bør verken ein så dyktig samfunnsdebattant som Bente Aasjord eller andre veljarar gløyme.

Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**