Flyfritt Sør-Norge?

Mellom Göteborg og Stockholm er det nesten ingen som tar fly lenger. Mellom Brüssel og Paris er det ikkje flytrafikk. Folk tar tog i høg fart. Dei sparar tid og dei sparar miljøet vårt. Kan vi få til det same mellom dei store byane i Sør-Norge? I mange år har Venstres Kjell Stundal i Telemark leia arbeidet med planar om Haukelibanen mellom Oslo og Bergen. Venstre på Sørlandet har programfesta å arbeide for dei beste og mest miljøvennlege jernbaneløysingane i mange år.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Jernbane, tog, skinner

Foto: Microsoft

Sist veke hadde sosialøkonomen Didrik Seip ein grundig dokumentert og interessant kronikk i Aftenposten der han lanserte høghastighetstog frå Oslo til Bergen, Trondheim, Kristiansand-Stavanger og til Halden. Også Jernbaneverket er i gang med utgreiingar, der Oslo-Trondheim og etter det Oslo-Halden-Göteborg står fremst på lista.

Didrik Seip meiner at rundt 80% av dagens flyreiser kan overførast til tog. Erfaringane mellom Göteborg og Stockholm tyder på at Seip har rett. Veksten i Sverige starta midt på 1990-talet. Sommaren 1994 gjekk det 3 X-2000tog frå Göteborg til Stockholm kvar morgon. På den tida budde eg i Göteborg og hadde mange arbeidsmøte i Stockholm. Innan våren 2005 var talet kome opp i 12 tog kvar retning, og reisetida hadde kome seg ned frå i underkant av fem timar til i underkant av fire timar. Berre på eitt år var det ein enorm overgang frå forureinande fly til miljøvennlege tog. Mens eg sommaren 1994 måtte bruke meir tid og meir pengar på toget på strekningen, kunne eg spare både tid, pengar og miljø berre eit halvt år etterpå. X-2000toget hadde få stopp, høg standard og fekk etter kvart delvis eigne spor på enkelte delstrekningar.

Kan vi gjere det same i Norge? Er det realisme i den gamle draumen i Venstre og blant fleire i SV og Høgre? Eg trur det er mogleg i delar av Sør-Norge. Det handlar om dei mest folkerike områda. I utkant Norge er bil med minimale CO2-utslepp supplert med betre busstilbod det vettuge. Men mellom Oslo og Kristiansand-Stavanger? Det skal vere mogleg. Didrik Seip, som er ein jordnær visjonær med gode reknekunnskapar, ser for seg trasé til Moss, under fjorden til Horten og så langs kysten sørover (men innom Grenlandsområdet). I dag er reisetida mellom Oslo og Kristiansand 3 timar og 5 minutt, litt langsommare enn for 40-50 år sidan, har Hallvard C. Hanssen på Vegårshei peika på. Seips plan vil gi reisetid på 1.54. Da er det ikkje eingong tid å spare på å ta Oslo-flyet for folk som bur i Kristiansand sentrum!

Det er noen store utfordringar her:
1. Pengane. Men hugs at Norge brukte eit halvt statsbudsjett på Bergensbanen i si tid!
2. Areal langs Vestfold-kysten og Sørlandskysten.

Men gevinsten vil vere enorm. Vi må skape gode alternativ for folk, alternativ som gjer det viktig, behageleg og lønsamt å tenke og handle miljøvennleg.

Overgang frå fly til tog med 80% redusert C02-utslepp vil vere ei av dei beste gåvene vi kan gi framtidas generasjonar.

Jan Kløvstad

Foto: Marianne Drivdal

Jan Kløvstad,
leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**