Få opp farten, Tide!

Kollektivtilbodet i Nordhordland og Osterøy har blitt dårlegare etter at Gaia og HSD vart Tide. Dette er etter Venstre si meining heilt uakseptabelt, seier Hordaland Venstre sin 1. kandidat Harald Hove og Nordhordland sin kandidat Sølvi Merete Mangerøy i ein uttale.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Fylkeskommunen kan ikkje finne seg i det. Det faktum at rutetilbodet har blitt dårligare, rutene har blitt færre og reisetida lengre, viser at det ikkje vert satsa godt nok på rutene frå Nordhordland og Osterøy til Bergen. Dette til tross for det store talet på reisande som daglig er avhengig av eit godt tilbod for å la bilen stå heime.

Buss vil i mange år framover vera hovedpilaren i kollektivtrafikken i Hordaland. Difor må det arbeidast for å leggja til rette slik at bussene skal kunne komme raskare fram, og på den måten bli et attraktivt og reelt alternativ til bilen. Dette krev mellom anna ei satsing på prioritering i lyskryss, nye korte og lengre kollektivfelt inn og ut av Bergen, og kanskje også opning for bruk av såkalla sambruksfelt. Ein må også vurdere om ruteoppsettet kan organiserast på ein slik måte at ikkje alle bussane køyrer innom “alle” sidevegane, men har korrespondanseruter. Kombinert med det nye billettsystemet som kjem neste vår, må det være ei målsetting at bussene bruker 25 prosent mindre tid enn i dag.

Reisetid har ofte vesentlig meir å seie for om ein vel kollektivt framfor bil, og dette må Hordalands kollektivsatsing gjenspegla. Då kan ein ikkje starte med å la dei bruke lengre tid. Bussane må få opp farta!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**