Stengde speleautomatar, ja – og kva så?

Stenginga av speleautomatane 1. juli har ført med seg ulike reaksjonar; «Dette er berre å kosta boset under teppet!»/ Kva med inntektene til idrettslaga? I eit lesarinnlegg i lokalavisa «Hordaland» 23. juli peikar Voss Venstre på at det trengst aktivt politisk arbeid vidare, både nasjonalt og lokalt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Dei fleste har sikkert ikkje noko mot at dei vanlegaste speleautomatane blei stengde no 1. juli! Uventa var det heller ikkje, då Stortinget gjorde vedtak om dette for fleire år sidan – med bakgrunn i dei mange tusen speleavhengige!

Nye, såkalla «snille» speleautomatar skulle koma i staden. Men desse synest no å koma tidlegast om eitt år.

Men det mest uventa er at regjering ikkje synest å ha klart for seg korleis den nye spelepolitikken skal vera, og korleis idrettslag og andre organisasjonar skal kunne få erstatta tapte inntekter.

Jamvel om problema knytta til pengespel har vore aukande, meiner Venstre at eit kontrollert tilbod er betre enn forbod.

Då krevst det ein samla nasjonal spelpolitikk. Men den einskilde kommune må få stor innverknad på speleopplegg innanfor kommunen sine grenser. Som for sal av øl bør kommunen avgjera kor mange automatar det skal vera, kvar dei skal kunna plasserast, kven som skal vera kommisjonær. Kommunen må få vetorett om det skal plasserast gevinstautomatar i kommunen.

Dette føreset at kvar kommune — også Voss – utviklar ein spelpolitisk plan, på line med ein alkoholpolitisk plan.

Og dei tapte inntektene? Venstre ventar at regjeringa tar ansvar, og snarast kjem med forpliktande utsegner om korleis lag og organisasjonar skal kunna få erstatta reduserte inntekter!

Torstein Gunnarson og Knut Olav Nestås
1. og 2. kandidat Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**