Venstre vil gje landets 16-åringar stemmerett. Norske 16-åringar betalar i dag skatt, kan bli satt i fengsel, sete i offentlege råd og utval, men dei kan ikke stemme på eit politisk parti ved val. Dette meiner Venstre er urettferdig. Ungdom som må betale skatt og kan bli satt i fengsel, bør og gjevast mulighet til å påverke kva skattepengane skal brukast til og kva straffenivå vi skal ha i landet. Å gje stemmerett til 16-åringar kan og påverke til større politisk engasjement blant ungdom.
Mindretallet i lokaldemokratikommisjonen, som leverte si utredning til regjeringa 4. april i år, gjekk og inn for at stemmerettsalderen bør bli satt til 16 år ved lokalvalg. Både Venstre og SV stod bak dette mindretallet.
Sund Venstre vil jobba for at Sund kommune skal bli forsøkskommune for stemmerett for 16-åringer ved lokalval.
Elizabeth Toft Erichsen
1.kandidat Sund Venstre