Venstre vil ha sikre skulevegar!

Å få flere born til å gå til skulen vil både ha ei helseeffekt og ei miljøeffekt. Men me må ha ei haldningsendring til sikring av skulevegar. Mange stader vert bilen prioritert på bekostning av borna. Dette kan me ikkje godta, skriv fylkesleiar Sølvi Merete Mangerøy.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Venstre vil ta initiativ til at kommunale midlar til betre skulevegar vil utløyse auka statlege løyvingar. Dette samsvarer med ei tilsvarande ordning for kollektivtrafikk, som Transportøkonomisk institutt har gitt meget gode skussmål.

Det er mange stader grunn til å bli sjokkerte og skamfulle over kor farlege sko skulevegane er. Me må kunne forsikre foreldra rundt om i landet at dei trygt kan sende ungane på veg til skulen. Dette er dessutan i ferd med å bli ein vond sirkel. Stadig fleire foreldre køyrer borna til skulen fordi dei syns vegen er for farleg. Dermed aukar biltrafikken. Det bidrar ikkje til tryggare skulevegar.

Staten må ha ei pådrivarrolle og eit ansvar for å bidra til å trygge skulevegane. Dette er ei sak som er viktig for mange og det bør bli ei viktig sak i valkampen. Venstre skal jobba for sikrare skulevegar både i vårt fylke og i resten av landet, og me forventar at Regjeringa vil følgja opp vårt initiativ.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**