Heimfallsordninga vil bestå

Heimfallsordninga for dei norske vasskraftressursane vil bestå på tross av dommen i EFTA-domstolen. Det er ingen grunn til å revurdere EØS-avtalen på bakgrunn av dagens dom, slik Senterpartiets leder Åslaug Haga meiner, skriv fylkesleiar Sølvi Merete Mangerøy.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Dommen var venta. Det er heller grunn til å stille seg spørsmål om Regjeringas strategi bak å kjøre saken i domstolen i staden for å finne ei akseptabel løysing som likebehandlar private og offentleg eigde vatnfall, var den riktige.

Venstre håper at ikkje dagens dom har øydelagd for sjansen til å finne fram til gode praktiske løysingar som ivaretek fellesskapets verdiar. Venstre vil stå fast på full heimfallsrett til norske vantfall for å sikre desse for fellesskapet. Det er to ulike modellar som kan ivareta dette. 1) At heimfall berre vert utløyst ved sal (enten frå private eller kommunale/fylkeskommunale eigarar) eller 2) at heimfallsordninga gjeld likt for alle eigarar.

I tilfelle den siste modellen er det avgjerande at det fins gode og lovlege kompensasjonsordningar for kommunar og fylker som i dag har store verdiar knytt til eigarskap i vasskraft, slik at vi unngår ei massiv formueoverflytting fra kommunar og fylkeskommunar til staten. Dette kan for eksempel skje ved ei fondsordning der kommunane får avkastinga frå eit "heimfallsfond" i staden for avkasting direkte frå kraftselskapa.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**