– Noko ynkeleg

Setesdølen: Rådmannen i Bygland, Eva Richter, har kasta korta. Ho er etter det me forstår løyst frå stillinga si med omgåande verknad. Uttrykket «løyst frå stillinga» oppfattar me inntil vidare som ein mellomting mellom det å seie opp jobben og det å få sparken.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Langt på veg er det dessverre den sistnemnde varianten som pregar inntrykket av det som no har skjedd. Opplysninga om at det skal forhandlast med den avgåtte rådmannen om økonomisk kompensasjon, forsterkar dette inntrykket. Viss Eva Richter i ein alder av snart 62 år hadde sagt opp jobben som rådmann i Bygland, var det knapt nokon som hadde gjort anna enn å registrere det. Når ho derimot er løyst frå stillinga, midt i ei sjukmelding, og det attpåtil er snakk om noko som kan lukte av fallskjerm, er det nesten slik det plar vere når sjefar må gå både her og der.

Sjølv om den såkalla "lege-saka" sikkert har vore ei stadig tyngre bør for rådmannen som no har kasta inn handkleet, er det noko ynkeleg over å bli "løyst frå stillinga" før åremålsperioden er ute. Visst har me lenge hatt kjensla av at både denne og andre saker kunne gå på helsa laus for både rådmannen og andre, men det hadde vore så mykje ryddigare om ho hadde sagt opp jobben. Det ville sannsynlegvis dei fleste andre arbeidstakarar noko lengre nede på rangstigen ha gjort. Poenget er vel at dei då også hadde gått glipp av økonomisk kompensasjon.

Difor er det noko som skurrar i rådmannssaka i Bygland. Det er dette med same retten for kong Salomo som Jørgen Hattemakar. Ein rådmann som endåtil etter at ho hadde teke over stillinga i Bygland, kunngjorde at ho av politisk oppfatning var å rekne som SV-ar, burde ha halde seg for god til å velje ei løysing som få andre kan rekne med om dei føler at jobben i Bygland kommune går noko tungt.

[Leiaren er henta frå Setesdølen tysdag 3. juli]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**