86-åring vil inn i kommunestyret

Setesdølen: Han vil kunne fylle 90 år før kommunevalperioden er over, men er likevel innstilt på å drive valkamp med sikte på å kunne kome inn i Bygland kommunestyre i haust, Paal Vollen i Jordalsbø som fyller 86 år akkurat i dag. Alderen tyngjer ikkje. Han kjenner seg sprekare enn på lenge og påstår at han framleis har både "vit og alle sansar" intakt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

logo for valget

Han legg ikkje skjul på at han kjende seg mykje ringare for nokre år sidan, men ein vellukka hjarteoperasjon gjorde at han fekk "eit nytt liv". Dessutan har han alltid vore interessert i politikk og samfunnsliv, og fylgt fleire kommunestyremøte enn dei fleste frå sidelina som journalist og meldar for ei rekke aviser og blad gjennom tidene.

-No kunne det ha vore moro om eg denne gongen kom på andre sida av bordet og vart ein av dei folkevalde, smiler Paal som har late seg nominere på felleslista til Venstre og Høgre i Bygland. -Der har eg selskap av fleire spenstige ungdommar som beint fram friskar meg opp når me held møte, seier Paal.

I vinter gjekk han offentleg ut med kritikk av helsestellet i Bygland, og då fyrst og fremst konflikten kring legetilsetjingane. Framleis meiner han det er ei skam at kommunen ikkje greier å halde seg med ei permanent legedekning.

-Same korleis det vert framstilt, så er ikkje ordninga i dag god. Dessutan er det pengesløsing, seier han og meiner dette er det fyrste problemet det nye kommunestyret må gå laus på.

-Då kan det hende at det ikkje er så gale om også mi aldersgruppe har eit ord med i laget, seier Paal.

Natur og kultur
Han har alltid vore Venstre-mann, og minnest tider då partiet stod sterkt i Bygland.
-Venstre har alltid vore oppteken av kultur og natur. Det er viktig for oss i Bygland i dag og. Dessutan bør næringsutviklinga takast meir alvorleg, men det seier då alle at dei vil, smiler 86-åringen. Som gammal pressemann er han og oppteken av ein opnare kommune.

Har god tid
-Det vil vere til beste både for kommunen og innbyggjarane om det vart meir dialog. Ofte trur eg det oppstår mistydingar som ein kunne ha sluppe om folk fekk vite litt meir fakta,
og ikkje måtte stole på det dei høyrer på bygda, seier Paal og trur eigentleg alle ynskjer at Bygland framleis skal vere ein god kommune å bu i.

-Det er mykje bra, ikkje minst frå naturen si side, men det er eitt og anna som hanglar litt for mykje. Det bør ordnast, seier han og ser optimistisk på framtida.
-Eg har alt fått mange år som bonus i livet, så eg har god tid, seier han.

[Artikkelen er henta frå Setesdølen tysdag 3. juli]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**