Venstres kandidatar

På felleslista med Høgre er 18-åringen Olav Grunde Lauvdal på andre plass. Han skal opp i siste året på Hornnes vidaregåande skule og har elles engasjert seg i Bygland Ungdomsklubb, datasamlingar og mykje anna. Som den 4. (og siste kumulerte) på lista er 19-åringen Olav Åsen Haugsgjerd, som var russ frå Hornnes i vår og var redaktør for den mest kulturelle russeavisa i manns minne, noko ikkje alle var like glade for.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Andrekandidat Olav Grunde Lauvdal

Olav Grunde Lauvdal

Foto: Jan Kløvstad

På 5. plass er Sonja Lien Skjevrak (37), opprinneleg frå Gudbrandsdalen, tobarnsmor, frå i vår datakonsulent i Bygland kommune. Aslaug Simonstad Sitje (45) er trebarnsmor og fysioterapeut og er oppteken av friluftsliv og naturvern. Malgorzata Kohler (46) er opprinneleg frå Polen, arbeider i omsorgstenesta og er opptatt av miljøvern og fredsarbeid.

Vidar Toreid

Foto: Venstre

Vidar Toreid (59) har vore kommunelege i Bygland i 30 år og arbeider for å halde fram med det. Aasulv Lande (70) er nyleg pensjonert som professor i teologi i Sverige og flyttar no heim til Lauvdal. Elisabeth Aandalhl (65) har arbeidd i omsorgstenesta i mange år og er glad i fjellet og opptatt av naturvern. Pål Vollen har vore Venstre-mann i alle sine 86 år og satsar no på å kome inn att i kommunestyret i lag med ei tallrik Venstre-gruppe.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**