Venstre 6,9% og større enn Senterpartiet og SV i Aust-Agder

Ei meiningsmåling i Agderposten 2. juli gir Venstre 6,9% og ein jamn framgang frå 4,9% i fylkestingsvalet i 2003, via 5,4% i stortinsgvalet i 2005 til 6,9% nå. Dette stadfestar ei måling i Fædrelandsvennen i vinter der Venstre fekk 7%, og nå i juni 8% i Aust-Agder.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Framstegspartiet går fram til 27,4%, Høgre fram til 17,1% og Venstre altså fram til 6,9%. Arbeidarpartiet, Kristeleg folkeparti, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet går tilbake. Senterpartiet har berre liten tilbakegong frå 5,3% i 2005 til 5,2% nå, men hadde 9,7% i 2003. Sosialistisk Venstreparti har gått tilbake frå 10,4% i 2003 til 6,3% nå, mens Kristeleg folkeparti har gått tilbake over 3 prosentpoeng frå 12,7 til 9,5% frå 2005 til 2007. Arbeidarpartiet ligg foran fylkestingsvalet i 2003 (21,8%), men klart bak stortingsvalet i 2005,d a partiet fekk 29% og to mandat i Aust-Agder.

Denne utviklinga gir håp om god Venstreframgang i alle kommunar i fylket. Minst to mandat og sjanse for tre i fylkestinget, det same i Arendal, opp til 4-5 mandat i Grimstad og retur til kommunestyra i Bygland, Evje og Hornnes, Froland og Tvedestrand bør vere innan rekkevidde. I Lillesand, Iveland, Gjerstad, Birkenes, Byke og Risør ligg også partiet godt an, med solide lister og rom for auke i talet kommunestyrerepresentantar.

Meiningsmålinga er laga av Synovate MMI på oppdrag frå Agderposten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**