Fornyingslista Bygland Høgre og Venstre:

Bygland har alle føresetnader for å bli ein av landets beste kommunar å bu i, med ein flott natur, rike kulturtradisjonar og gode lokalmiljø.
Bakgrunnen for at Høgre og Venstre i Bygland har gått saman om ei fellesliste, er ønsket om å fornye politikken i Bygland kommune og gje både politikarane og folk flest innverknad på utviklinga. Me vil leggje hovudvekt på følgjande viktige krav:

1. Ta vare på Prestneset og andre verdfulle friluftsområde.
2. Makta tilbake til politikarane.
3. Nei til kommunesamanslåing.
4. Gjeninnføring av lokal legevakt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


.

MILJØ:
*Ta vare på heile friområdet mellom badestranda på Tangen (Prestneset) og Bygland kyrkje – utan bygging av ferieleilighetar og andre kommersielle tiltak som vil gjere dette populære friluftsområdet mindre attraktivt både for fastbuande og tilreisande.
* Ja til kjøps- eller bruksavtalar med grunneigarar til mykje brukte strandområde – slik at kommunen, velforeiningar eller private kan legge til rettes for bading og andre friluftsaktivitetar. Tangen må straks få tilfredsstillande søppelkassestativ og toalett med handvask.
*Forplikte kraftselskapet til 0,5 m lågare maksimalvasstand om sommaren (for ikkje å sette så mange badestrender under vatn som var tilfelle i fjor) og heller ikkje gje dispensasjon for ekstra låg vasstand (slik som i år).
*Krav om miljøvenlege måtar å hindre glatte vegar på, salting skadar både bilar, jordsmonn og vassdrag (Byglandsfjorden er spesielt verneverdig).
*Oppretting av kommunal miljøpris som kan delast ut anna kvart år, vekselvis med kulturprisen.
* Krav om å legge nye høgspentliner i kabel gjennom dei mest sårbare naturområda, det enklaste skulle vere å legge dei i eksisterande krafttunnellar og elles i Otra/Byglandsfjorden der det er mogleg.

DEMOKRATI:
*Kommunestyret må ta tilbake makta si. Delegering til administrasjonen må reduserast. Det som er delegert og elles viktige eller prinsipielle vedtak må alltid kunne ankast til politisk nivå.
*For å auke politisk interesse og engasjement må det vurderast å gå tilbake til fagnemnder (til dømes Helse- og sosial, Oppvekst/kultur, Teknisk/forvaltning, Plan og næring – i tillegg til Formannskap/økonomiutval og Administrasjonsutval/tilsettingsutval).
*Dagens politikarar planlegg å vedta organisatoriske endringar før valet — dette vil me krevje at det nye kommunestyret og ikkje det avgåande skal gjere endeleg vedtak om.
*Kommunesamanslåing vil føre med seg større avstand til politikarane og nedbygging av lokale tenester (ved samanslåing med Evje og Hornnes vil 5.-7.klasse og helsetenestetilbod på Byglandsfjord forsvinne først). Det bør heller satsast på auka samarbeid mellom kommunane.
*Overfør meir makt til folkevalde organ – også nasjonalt og regionalt.Ved fylkessamanslåing er det nødvendig at storfylka (regionane) får ansvar for viktige oppgåver slik som sjukehus, elles vil det vere betre å legge ned fylkesnivået og berre ha kommune og stat.

KULTUR OG SKULE:
*Snarleg oppattstarting av ungdomsklubben på Bygland og auka støtte til andre ungdomstiltak.
*Utlysing straks av minst 70% kombinert stilling som kultursekretær/ungdomsklubbleiar.
*Nei til alle framlegg om nedskjering eller forseinking av dei resterande bygdebøkene.
*Tiltak for å stø opp under lokalkultur og dialekt- og nynorskbruk i skule, barnehage og flyktningundervisning.
*Nye kulturskuletilbod basert på lokal og folkeleg kultur – som til dømes kveding, munnharpe og leikarring.
*Utviding av gymsalen på Bygland skule.
*Auke tilbodet med kveldssymjing, starte opp om hausten rundt 15.september i staden for 15. oktober og halde fram til 1.mai.
*Tilbakebetaling av kommunale avgifter til lokale forsamlingshus.
*Kontakt med statsmaktene for å sikre at digitalt fjernsyn blir tilgjengeleg i heile kommunen (noko som det no ikkje ser ut til å bli).
*Auka tilgjenge til breiband i kommunen — det er ikkje plass til stort fleire på noverande nett.

ARBEID OG NÆRINGSLIV
*Stø opp om folk som vil starte småbedrift ved m.a. å tilby lån av kontorplass og datautstyr i oppstarten.
*Gjere administrasjonen i stand til rask kommunal sakshandsaming av søknader og førespurnader.
*Stø opp om næringsfiske i alle delar av Byglandsfjorden.
*Ja til småkraftverk og tilstrekkeleg utbygging av straumnettet for dette.
*Bruk av konsesjonslovene når det kan bidra til busetting på landbrukseigedommar rundt om i kommunen.
*Rett og plikt for innvandrarar til å ta praksis i arbeidslivet.
*Krav om at alle som tek oppdrag for kommunen kan dokumentere at dei betaler tariffløn og følgjer avtalar i arbeidslivet, også når det gjeld gjestearbeidarar frå Aust-Europa.
*Gje eit bidrag til arbeid og næringsliv i u-land ved at kommunen i størst mogleg grad kjøper inn "rettferdige varer" (til dømes "rettferdig kaffi" frå Tanzania som gjev bøndene der dobbel pris for arbeidet – jfr. til dømes www.wild-tracks.com).
*Samarbeid med utanlandske kommunar (Sverige, Skottland) som har kome langt i berekraftig turistnæring med basis i særmerkte innsjøar.

BUSETTING
*Tilby bustadfelt med store tomter i smågrender, eventuelt ved at kommunen kjøper opp ledige småbruk og stykkar dei opp (gode føredøme frå Iveland og Fyresdal).
*Bustadfelt må opparbeidast raskare og kunngjerast betre.
*Aktivt arbeid med å motivere eigarar av ledige småbruk til å selje til folk som vil busette seg på desse (seljaren kan evnt. få dispensasjon for å få hyttetomt på attraktiv stad på eigedomen).
*Bygging av ungdomsbustader.
*Tilskott på 100 000 kr for dei som byggjer bustadhus i kommunen (med varig buplikt).

HELSE OG OMSORG
*Nei til nedskjering av dei gode tilboda som er opparbeida i Bygland, særleg med omsyn til sjukeheimsplassar/avlastningsplassar og matombringing. Heimesjukepleien må styrkast slik at folk fortsatt kan bu heime så lenge dei ønskjer det.
*Aktivt politisk arbeid for å innføre lokal legevakt på nytt i samarbeid med Evje og Hornnes, evnt. også Åseral på sikt (i noverande kommunestyre var det berre Kr.F. som røysta mot nedlegging av aktiv nattevakt, som var første steg for å overføre all legevakt til Kristansand 1.april i år).
*Bedriftshelseteneste for alle kommunalt tilsette.

VEGAR
*Stenging av Knutsbakk-vegen for bilar straks (livsviktig trafikktryggingstiltak som kan gjennomførast før Sentrumsplanen er godkjent).
*Gang- og sykkelsti frå Grendi til Byglandsfjord (særleg viktig for born og ungdom som vil nytte Årdalshallen) og frå Bygland til Nesmonen (Setesdal Hotell) – om mogleg med vegljos.
*Lage prioriteringsplan for ny asfalt og vegopprusting på Byglandsfjord, gamlevegane gjennom Longerak, Lauvdal og Ose, Skrelands-vegen og Øvre Li-vegen.
*Absolutt nei til forlenging av bompengeordninga på Byglandsfjord utover 4.juni 2008.

KVA KAN DU GJERE?
For å få størst mogleg fornying i kommunestyret, meiner me sjølvsagt at du bør stemme på Høgre/Venstre-lista. Men dei andre listene har og gode kandidatar som ein kan få valde inn ved å kumulere (sett x framfor namnet!). I tillegg kan du skrive opp inntil fem namn frå andre lister og dermed vere med på å avgjere kven desse listene får inn i kommunestyret.
Dette er eit kommuneval som kan få Bygland kommune inn på ei betre utvikling – valet er ikkje eit ja eller nei til regjeringa, Lars Sponheim, Erna Solberg eller Jens Stoltenberg
Men uansett kva du gjer – det viktigaste er at du og alle andre i Bygland nyttar røysteretten!

Helsing
SAMARBEIDSLISTA HØGRE/VENSTRE
1. Olav Neset, Byglandsfjord 9.10.55
2. Olav Grunde Lauvdal, Lauvdal 23.02.89
3. Anne Eikerapen, Byglandsfjord 7.7.70
4. Olav Åsen Haugsgjerd, Grendi 28.7.88
5. Sonja Lien Skjevrak, Bygland 21.8.69
6. Odd Rune Bergmann, Byglandsfjord 14.05.57
7. Kjell Johnny Lundtveit, Langeid 5.2.56
8. Aslaug Simonstad Sitje, Longerak 23.10.61
9. Kai Larsen, Byglandsfjord 13.08.47
10. Malgorzata Kohler, Byglandsfjord 16.01.61
11. Vidar Toreid, Bygland 29.09.47
12. Janne Nomeland, Byglandsfjord 20.01.82
13. Aasulv Lande, Lauvdal 25.12.37
14. Sigurd Solberg, Byglandsfjord 16.06.77
15. Elisabeth Aandahl, Bygland 26.10.42
16. Gunnar Helle, Byglandsfjord 04.12.51
17. Pål Vollen, Jordalsbø 19.06.21

.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**