Bygland Venstre vil verne friområde

Torsdag 21.juni tok Bygland kommunestyre på nytt ta stilling til utbygging av friluftsområdet på Tangen eller Prestneset – mellom Bygland kyrkje og badestranda – med ferieleilighetar og anna kommersiell utbygging. Etter siste vedtak med knapt fleirtal kravde Fylkesmannen at saka måtte handsamast på nytt. Eit knapt fleirtal i plan- og ressursutvalet har to gonger gått mot planane, og i siste kommunestyret blei det endå knappare fleirtal, 8 mot 7 røyster for utbygging.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


Før møtet oppmoda Bygland Venstre sterkt dei noverande politikarane i Bygland til å gjere om det tidlegare vedtaket. Me meinte at ei slik privatisering sterkt vil forringe verdien av Tangen som friluftsområde for lokalbefolkninga så vel som for tilreisande og turistar. Dersom det skal gjevast dispensasjon for eit leilighetskompleks nær Byglandsfjorden, kan dette utan skade leggast sør for Bygland Hotell og mange andre stader, men ikkje kloss opptil Byglands kanskje flottaste friluftsområde, som attpåtil er i gangavstand for store og små som bur i Bygland sentrum og byggefeltet.

I tillegg til å kunne by på bading, båtliv og varierte friluftsaktivitetar ved fjorden og i framtida der det no er skog, kan våtmarksområdet by på fine naturopplevingar med eit særmerkt fugle- og planteliv. Det bør og takast omsyn til at kyrkja er næraste granne på oppsida av vegen, ein risikerer no at ein frå kyrkjebakken berre får utsyn til baksida av nokre ferieleilighetar i staden for skog og strand og fjord..

Dei nyvalde Venstre-representantane i kommunestyret vil straks etter valet arbeide aktivt for å omgjere den endelege sentrumsplanen, slik at denne skal ta vare på interessene til folk flest når det gjeld det verdifulle friluftsområdet på Tangen.

Bygland Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**