Medlemsbrev juni 2007

Leder Gunn-Torill Homme Mathisen har skrevet sommerhilsen og oppsummering av siste halvår til Venstres medlemmer.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Portrett Gunn-Torill Homme Mathisen

Foto: Kristi Homme

Filtvet, 27. juni 2007

Kjære alle saman!

Sommarferien står for døra og det er på sin plass med ei lita oppsummering av siste halvår og nokre tankar om tida fram mot valget. Det har vore travle månader med mykje god jobbing. Det er svært gledeleg at det viser seg at innsatsen har båret frukter: Venstre i Hurum gjekk fram til 9.5 %! Hadde det vore valg, hadde vi fått 3 folkevalgte. Ein flott inspirasjon i den vidare valgkampen!

Siste halvår har Venstre vore synlege og profilert gode venstresaker i kommunestyresalen og i media. Eg vil nemne nokre av sakene:

– Vern av Sandspollen og kamp for ytringsfridomen. Interpellasjon om folkevalgtes rett og plikt til å uttale seg i det offentlege rom. Redaksjonelle oppslag og lesarinnlegg.

– Den lokale klimakampanjen "Framtida kan bli en ren fornøyelse hvis vi handler nå" med løpeseddelaksjon på Miljødagen, interpellasjon om klimaplan for Hurum, lesarinnlegg og redaksjonelle oppslag.

– Forslag om ein eigen kommunal seniorpolitikk for Hurum med incentivar for å få kommunalt tilsette til å stå i jobb utover 62 år. Redaksjonelt oppslag.

– Invitasjon til dei andre politiske partia i Hurum om felles utsending av valgmateriell. Ros i leder i RHA, redaksjonelle oppslag. Og felles utsending blir ein realitet.

– Forsøk på å få til ei heilhetlig løysing for Sætre sentrum.

– Kamp for folkevalgtes rett til å kunne ta direkte kontakt med saksbehandlar i ulike saker.
Redaksjonelt oppslag, omtalt i leder i RHA.

Organisasjon
I februar fekk vi nye og gode heimesider i heile Venstreorganisasjonen. Hurum Venstre si heimeside er til ei kvar tid oppdatert og du finn svar på det meste av det du måtte lure på om Venstre der.
Adressa er http://hurum.www.venstre.no

Statistikken frå første halvår er oppløftande og viser talet på ulike "sites" (dvs. datamaskiner) som har vore innom heimesida vår. Av erfaring veit vi at besøkstala på heimesidene vil stige fram mot valget. Talet for juni er ikkje endeleg — månaden er jo ikkje omme enno.

Februar: 69
Mars: 247
April: 237
Mai: 332
Juni: 389

Hurum Venstre sitt program 2007 — 2011
Programmet vårt er no klart og du får det tilsendt i ei anna sending. Det er i det same hendige formatet som tidlegare år og målet har vore å få det kortfatta og oversiktleg. Det er trykt på papir av returkartong frå Hurum Papir og bilda i programmet er ved vår eigen Finn Dale Iversen.

Muligheter for samarbeid etter valget
Det er gjennomført sonderingar med Høgre og Krf om eit eventuelt samarbeid etter valget. Samtalane viser at ein har felles haldningar i mange saker, men ingen formelle avtalar er gjort — det er valgresultatet som avgjer. Det understrekast at Hurum Venstre ikkje vil samarbeide tett med Frp — til det står vi for langt frå kvarandre politisk.

Valgkampen
Det er tidlegare sendt ut oppmoding om bidrag i valgkampen — alt frå kaker til servering på stands og til økonomisk støtte – blir tatt imot med takk. Håper du tek deg tid til å gi tilbakemelding før du kjem heilt i feriemodus. Kontakt valgkampansvarleg Bjørn Lindvig, [email protected] eller på tlf. 32 79 01 80 / 91 70 12 78.

Eit av høgdepunkta i vår lokale valgkamp blir nok besøket av den alltid like engasjerte og inspirerande Odd Einar Dørum. Venstrelaga i Røyken og Hurum har invitert Odd Einar for å delta på ein open debatt om skulepolitikk, ei sak som han er genuint oppteken av.
Sett allereie no av mandag 13. august. Meir detaljar kjem.

Når det gjeld valgkampen forøvrig, planlegg venstrelaget fleire politiske utspel i tida framover. Følg med i media og på heimesida. Ta kontakt dersom det er saker du brenn for. Vi må stå på, også i sommarmånadene, dersom vi skal tangere det flotte resultatet frå meiningsmålinga når valgdagen er der. Til orientering: Det blir ny lokal meiningsmåling 2 veker før valget i regi av Røyken og Hurums Avis. Dei har hyrt inn karikaturteiknar, legg opp til eigne valgsider for Hurum og for Røyken og vil oppdatere debattsidene sine i august. Drammens Tidende vil i år satse på ei breiare dekking av lokalvalgkampen enn tidlegare. Hurum er ei av dei utvalgte kommunene der DT vil følge valgkampen tett. Spennande!

Venstre har 6 førehandskumulerte listekandidatar. I praksis betyr det at dei stiller heilt likt, anten dei står på 1. plass eller på 6. plass. Inspirèr slekt og vener til å stemme Venstre. Dersom dei ikkje let seg overbevise om å stemme Venstre, oppfordre dei til å "slenge" ein venstrekandidat. Kvar einaste stemme er viktig når kabalen skal leggjast etter valget.

Med glede, glød og begeistring skal vi jobbe for gode venstresaker i valgkampen og sørge for at Venstre i Hurum gjer sitt beste valg nokonsinne! God sommar til dykk alle!

Med venleg helsing
Gunn-Torill Homme Mathisen, leiar

Merknad: Statistikk juni blei: Sites 513!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**