Det trengs meir kommunal miljøkompetanse !

Som kommunestyremedlem og som leiar i Kviteseid Venstre, har eg i samband med ein interpellasjon om kommunal eller interkommunal klimaplan og eit grunngjeve spørsmål om meir miljøtilpassa hytteutbygging, oppmoda politisk og administrativ leiing om å vurdere moglegheitane for tilsetjing av kommunal miljøvernrådgjevar, eventuelt utvide stillingsheimelen til plansjefen også til å gjelde miljøvernsektoren. I så fall vil det vera aktuelt at det nåverande planutvalet blir plan- og miljøvernutval.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Jon Ingebretsen

Svaret frå kommunen, som sikkert frå dei fleste andre kommunar utan miljøvernrådgjevar, er at ei slik stilling ikkje kan prioriterast grunna pengemangel, og at ressursane derfor må brukast på lovpålagte oppgåver. Miljøvern og heller ikkje kultur, som er så viktige føresetnader for berekraftig næringsutvikling, er altså ikkje lovpålagte oppgåver. Men visse sider av miljøsida, t.d. klimaplanar, lågare terskel for miljømessige koneskvensvurderingar, kartlegging og forvaltning av kommunanes biologiske kapital, plan for kultursatsing m.v., vil truleg bli lovpålagte oppgåver for kommunane etter kvart.

For på ein betre måte å handtere dei miljøutfordringane som alt er der, og som kommunane i stadig større grad vil bli stillt ovanfor, men som det altså ikkje fins ressursar til å takle, foreslår Venstre at aktuelle kommunar kan gå saman om å opprette stilling som interkommunal miljøvernsjef, – eventuelt konsulent. Det vil bety fordeling av utgiftene på kommunane, og at ein må prioritere å gå inn i dei viktigaste og tyngste miljøsakene, t.d. i dei seks kommunane i Vest-Telemark, som alle er utan stillingar innan miljøvernsektoren i dag. Nødvendig innleigd miljøkompetanse er dyrt, og blir ofte nedprioritert. Dessutan er nærleik og lokalkunnskap viktig i miljøsaker.
Ei slik, kall det gjerne prøveordning, med regional eller interkommunal miljøvernsjef, kan kanskje også gje moglegheitar for tilføring av statlege midlar.

Med bakgrunn i svaret ein fekk, har Kviteseid Venstre bedt ordføraren om å ta opp saka i Vest-Telemarkrådet med ein felles miljøvernsjef for t.d. alle vest-telemarkskommunane.

Det er interkommunalt og regionalt samarbeid som fungerar godt og er ressurssparande på mange område i dag, men ikkje innan miljøvern, som ofte er eit så grenseoverskridande og felles tema. Mange oppfattar imedan miljødimensjonen som ein hemsko for næringsutvikling og materiell vekst, sjølv om praksis syner at det er næringspotensiale i god og truverdig miljøprofil, serleg innan turist- og reiselivsnæringa.

Politikarane har behov for, ja, faktisk krav på eit betre beslutningsgrunnlag i mange saker, serleg plansaker, der miljødimensjonen svært ofte er for dårleg belyst, og følgjeleg lett blir politisk nedtona. Også innan energipolitikken i lys av klimautfordringane, er det kommunale kompetansebehovet stort. Her kan fellesskapsløysingar vera svært aktuelt.

Gjennom ordningar med lokalt forankra miljøvernkompetanse,vil ein ha betre fagleg dialog med sentrale styresmakter, og med det unngå så mange statlege innseiingar. Dette vil føre til eit betre lokalt eigartilhøve til miljøvernpolitikken, samtidig som ein interkommunal stillingsfunksjon på dette området vil gje ein viss sunn distanse til problemstillingane, administrativt og politisk, på kommunenivå.
– Aktuelle kommunale og interkommunale oppgåver å arbeide med på miljøvernsektoren er mange og viktige, noko vi kan kome tilbake til i neste runde.

Jon Ingebretsen
Leiar i Kviteseid Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**