Venstre går mot luftspenn i Setesdal

Venstres Gunnar Kvassheim går inn for å velje andre alternativ enn luftspenn for kraftlinene gjennom Setesdal, meldte Aftenposten og www.venstre.no/austagder 17. juni. Kvassheim er leiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, og kjempar for at regjeringa må endre retningslinene. — "Det hastar, fleire saker ligg klare til avgjerd", seier Gunnar Kvassheim. På Venstrelandsmøtet i Bergen i april tok Olav Aasen Haugsgjerd frå Bygland Venstre opp kravet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Olav Aasen Haugsgjerd

Foto: Venstre

frå Setesdalskommunane om å unngå fæle luftspenn gjennom dalen, og Venstreleiinga følgjer nå opp i Stortinget.

Gunnar Kvassheim

Foto: Venstre

Venstre vil ha sjøkabel lang hardangerfjorden og velje andre alternativ enn luftspenn i Setesdal og Geirangerområdet. Partiet viser også til naturopplevingane og Vestlandsfjordane sin plass på UNESCOs verdsarvliste som sterke argument mot luftspenn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**