Mindretalet kan ikkje ta ansvaret for at fleirtalet «har øydelagt byen»

Av Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre

«Politikerne» har øydelagt byen, har fleire innsendarar skrive i Agderposten i det siste. Særleg er det Barbuplanane, tilbygget på Tyholmen Hotell og øvste etasje på Arena-senteret som blir nemnt, seinast av Einar Gelius laurdag 16. juni.

Det er faktisk forskjell på politikarar og kva dei stemmer for og mot. La ikkje dei politikarane som stemte FOR det fornuftige få skulda for det fleirtalet har øydelagt! Eg vil sitere frå Agderposten 27. mai 2005 om hotellplanane på Tyholmen: «- Dette glassbygget kan vi ikke ha i byens mest bevaringsverdige område, sa Marianne Lyngvi (V), og ble kraftig nedstemt. Dermed er den langvarige kampen omkring Ole G. Otterslands hotellplaner på Tyholmen avgjort en gang for alle.»

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


I same avis er Høgres Unni Holthe Svendsen sitert med "- De har tilpasset det godt. Bygget er avdempet og rolig" og Arbeidarpartiets Jostein Andersen er sitert "Det er flott, men det er ikke vår oppgave å finne ut av. Det får myndighetene stelle med, sa representanten for Arendals høyeste beslutningsmyndighet." Og så stemte 28 bystyremedlemer for hotellbygget og berre ti stemte sik Venstres Marianne S. Lyngvi kjempa for i møte etter møte.

Marianne Sigurdson Lyngvi

Foto: Venstre

Når det er fotballkamp og eit lag får fleire mål enn det andre laget, er det berre vinnarane som får æra av å vinne, og berre taparane som tapar. I politikken er det ofte slik at vi som har kome i mindretal om Gullsmedenga, den nemnte øvste etasjen på Arenabygget, Varmekrogen og mange, mange andre saker får like mykje kritikk som fleirtalet.

Det er viktig at Einar Gelius og andre seier klart frå. Og kanskje Einar Gelius bør undersøke stemmeprotokollane og seie det som det er: – Vil du ha eit Arendal med sørlandsk særpreg og respekt for både tradisjonar og framtid, er det klokt å stemme Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**