Dobbel røysterett er udemokratisk

Den ellers så fornuftige professoren i bygdeforskning, Reidar Almås, må ha fått kortslutning i logisk og demokratisk tankegang og lagt si til vanlege gode konsekvenstenkning på hylla i sommarvarmen, når han gjer framlegg om at hytteeigarar skal få demokratiske serrettar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Stemmegiving

I Nationen 12. juni tar Almås til orde for at folk som er svært mykje på hytta si, bør kunne få røyste i hyttekommunen ved kommunevalet, samtidig som dei sjølvsagt også har røysterett i bustadkommunen sin. Fyrste spørsmålet er: Kor mykje må ein vera på hytta for å kunne oppnå denne eksklusive retten? Andre spørsmålet er: Kva for konsekvensar vil denne ordninga få for andre grupper som også har langvarig tilhald i minst to forskjellige kommunar eller fylke gjennom året, til dømes langtidspendlerar eller det samiske folket med nomadisk tilvere ?

Tredje spørsmålet er: Kor mange kommunar eller fylke skal ein kunne oppnå røysterett i dersom ein har hytter som ein nyttar svært mykje i ulike kommunar og fylke?

Slik kunne ein halde på å stille ei rekkje relevante og kritiske spørsmål, som klarare og klarare vil vise at den gode Almås ikkje har tenkt grundig gjennom konsekvensane i denne saka. Det vil vera sosialt, moralsk og framfor alt demokratisk heilt forkasteleg å kunne «kjøpe» seg eller «arve» dobbel eller fleirdobbel røysterett. Fyrst og fremst vil dette vera ei udemokratisk ordning som gjev politiske maktposisjonar til ei frå før ressurssterk gruppe, som lett kan ta styringa og makta frå bygdefolket, og i verste fall påtvinge hyttekommunane i distrikta ein urbant prega politikk som vil vera svært uheldig.

Å melde utflytting frå og gje avkall på røysterett i bustadkommunen, samtidig som ein melder innflytting til hyttekommunen og søkjer om å få omregulert hytta til fast bustad på spesielle vilkår, er ei anna sak, som det kan vera verdt å sjå positivt på i mange fråflyttingstruga distriktskommunar, sjølv om ein må vurdere omregulering av fritidsbustader svært nøye

Jon Ingebretsen, leiar i Kviteseid Venstre

Leserbrevet står også på trykk i NATIONEN HER

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**