Vi må ta lokalt klimaansvar, og kommunen må bruke marknadsmakta si !

Kviteseid Venstre har fremmet følgende interpellasjon til førskommende kommunestyremøte:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Skyer

Interpellasjon frå Kviteseid Venstre:

Når FNs klimapanel nå har offentleggjort hovudkonklusjonane frå den fjerde rapporten sin, er det ikkje lenger mogleg å ignorere den utfordringa menneskeskapte klimaendringar utgjer. Ulike studiar viser at den rike delen av verda må redusere klimagassutsleppa sine med 60-80 % i løpet av dei neste femti åra for å stoppe den globale oppvarminga. Både den britiske Stern-rapporten og det norske Lågsleppsutvalet har konkludert med at det er mogleg å nå eit slikt mål utan alvorlege økonomiske konsekvensar, dersom vi har vilje til å handle nå.

Venstre har i Stortinget teke initiativ for eit breidt politisk klimaforlik. Vi treng samarbeid på tvers av partiliner for å ta tilbake den internasjonale leiarrolla som ein miljø- og klimanasjon. Vi treng også eit samarbeid som strekkjer seg frå Stortinget til lokalpolitikarane, og frå politikarane til borgarane. Venstre ønskjer å ta heile Noregs befolkning med i eit kreativt og målretta samarbeid for å finne dei beste og mest effektive måtane å redusere klimautsleppa våre på. Gjennom politisk vilje, næringslivet sin kreativitet og eit stort folkeleg engasjement er det mogleg å nå dei måla som elles kan verke umoglege.

Berekningar gjort av Cicero og Civitas viser at så mykje som 15 % av norske kilmagassutslepp kan kuttast gjennom lokale tiltak, i den einskilde kommune. Som lokalpolitikarar må vi setje oss tydelege mål for korleis vårt eige vesle lokalsamfunn skal vera med på å vinne klimakampen. Kviteseid kommune kan sjølv ta klimaansvar, uavhengig av nasjonale mål og tiltak.

Venstre meiner difor at vår kommune nå må ta klimaansvar. Gjennom å lage ein forpliktande klimaplan, kan vi finne dei verkemidla vi som lokalpolitikarar har tilgjengelege for å redusere klimautsleppa våre, og samtidig utvikle ein møteplass for kommune, innbyggjarar og
næringsliv, kor framtida sine klimautfordringar kan møtast med ein brei front.

Kommunen kan som innkjøpar av varer og tenester vera ein pådrivar for å skape eit best mogleg klimavenleg innkjøpsmønster. Ved alltid å etterspørja dei mest klimavenlege løysingane, kan kommunen stimulera til eit større lokalt tilbod som også gjev næringsliv og innbyggjarar ein større moglegheit til å redusere klimagassutsleppa sine gjennom bevisst forbruk.

Med bakgrunn i dette ønskjer Venstre å spørje ordføraren om kva for eventuelle tiltak som så langt er planlagt eller satt i verk for å redusere klimagassutsleppa i vår kommune.

Vi ønskjer i tillegg å fremje følgjande framlegg:
Administrasjonen blir beden om å utarbeide eit framlegg til ein klimaplan for kommunen. Planen må innehalde både planmessige og økonomiske verkemiddel, og verkemiddel basera på friviljug samarbeid, dialog og haldningsskapande arbeid.
Kommunen kan, om ein finn det tenleg, ta kontakt med dei andre kommunane i Vest-
Telemark i dette arbeidet.


Og følgjande tilleggsframlegg:

Kommunen skal i innkjøpa sine av varer og tenester velgje den mest klimavenlege løysinga, over alt kor det er mogleg, for å stimulere marknaden til å levere meir klimavenlege løysingar. Kommunen bør etterspørje klimavenlege løysingar også på område kor dette i augneblinken ikkje er tilbod på, for å stimulere til nyskaping.
Også i denne samanhengen kan kommunen vurdere å ta kontakt med andre aktuelle kommunar, med tanke på eit eventuelt samarbeid.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**