VENSTRE – VALPROGRAM 2007 – 2011
Folkestyre
Venstre vil arbeida for:
at alle kommunale møte og høyringar, kommunestyre, nemnder og utval skal vera opne etter lovverket
rådgjevande folkeavrøysting i viktige kommunale saker, t.d. kommune- samanslåing etc.
å ta bygdeutvala med på råd i viktige kommunale saker og gje dei informasjonsplass i Bygdaposten
å unngå for mykje delegering av fullmakter frå folkevalde til administrasjon
budsjettprosessen i Hjelmeland kommune må vera open for ålmenheta heilt frå starten. Den første budsjettkonferansen må haldast i kommunen og vera open for publikum og presse.
Administrasjon/forvaltning
Venstre vil arbeida for:
samsvar mellom kommuneplanar og praksis
likskap for lova
å unngå rettssaker mot innbyggarar
å sjå på kostnader med utarbeiding av planar før vedtak om iverksetjing
kritisk vurdering av storleiken på administrasjonen samanlikna med tilsvarande kommunar
at kommunale fellesanlegg kan plasserast utanfor kommunesenteret om det er ynskjeleg
konkurranseutsetjing av aktuelle kommunale driftsoppgåver
ein god seniorpolitikk i kommunen
Økonomi
Venstre vil arbeida for:
å redusera kommunen sine driftskostnader
å redusera kommunen si gjeld
å unngå nye låneopptak
strengare budsjettdisiplin
Arealstyring
Venstre vil arbeida for:
ei positiv haldning til bustadbygging utanfor etablerte byggefelt og sentrumsområde
restriktiv hyttebygging i 100 m-sona
at kommunen skal vera ein aktiv tilretteleggjar av bustadfelt i alle bygdene
Miljø
Miljø handlar om livskvalitet og helse i dag og i framtida.
Venstre vil arbeida for:
at det vert utarbeidd ein kommunal plan som syner satsing på forvaltaransvaret for livsmiljøet i lokalt perspektiv
å ta vare på friluftsområda slik at folk flest får adgang til jakt, fiske og strandsoner.
Å stimulera til betre utnytting av fornybare energikilder, f.eks småkraftverk.
Å jobbe for pumpestasjon med alternativt drivstoff
Samferdsle
Venstre vil arbeida for:
utgreiing av alternativ tunnel Svadberg – Vatne
arbeide for utbetring av kommunale vegar og kaiar
realisering av tilkomstveg til Mælslia byggefelt
raskare realisering av gong- og sykkelvegar
leggje press på vegvesen/fylke for utbetring av dårlege fylkesvegar
pendlarrute frå Hjelmeland til Stavanger
arbeide for fastlandstilknyting
buss-samband Sand Hjelmeland – Tau
Næringspolitikk
Venstre vil arbeida for:
å omorganisera kommunen sitt næringsutviklingsarbeid ved å slå verksemda til Hjelmeland Næringsutvikling og Landbrukskontoret saman til ei ny, kommunal næringsavdeling underlagt politisk styring
å ha klar næringstomter når behovet melder seg
ein aktiv og målretta politikk for å tryggja primærnæringane
ein aktiv og målretta politikk for å støtte nyetableringar/små verksemder
Skule/barnehage og oppvekstmiljø
Venstre vil arbeida for:
ingen endringar i skule- og barnehagestrukturen utan at eit fleirtal i krinsen ynskjer det
gode rammer for skule og barnehage
skule og barnehage med godt kvalifisert personale
gode etter og vidareutdanningstilhøve for det pedagogiske personalet
Ungdom
Venstre vil arbeida for:
å gi ungdomsrådet reell medråderett
oppretting av utdanningsbank – oversikt over og kontakt med ungdom under utdanning
å informera ungdom om jobbtilhøve i kommunen ved at kommune og næringsliv går saman om t.d. oversiktsbrosjyre eller arrangerer ei lokal utdanningsmesse
stipend til ungdom som tek utdanning kommunen har særskilt behov for – med 2 års bindingstid til kommunen etter fullført utdanning
arbeide for uformell møteplass for ungdom med kommunal garanti for drifta
Helse/eldre
Venstre vil arbeida for:
å auke kvaliteten på tenestene i eldreomsorga
å auke antal einerom/sjukeheimsplassar
å auke satsinga på demensomsorg
å gi eldre høve til å velje om dei vil bu heime, på institusjon eller i omsorgsbustad
å gi same kvalitet på tenestene uavhengig av buform
å styrkje psykitatritenesta
å gi eldrerådet medråderett så tidleg som mogeleg i alle saker
kompetanseutvikling av personale for å sikre alle brukergrupper tenester av høg kvalitet
Kultur
Venstre vil arbeida for:
ein kulturskule som har så stor breidde i tilbodet at han vert interessant for flest mogleg av elevane.
å prioritere tiltak for barn og unge ved utdeling av kommunale kulturmidlar
ein gjennomtenkt strategi når det gjeld å ta vare på lokalhistoria, t.d. vern av bygningar, bygdemuseum, tilskott til jubileumsskriv/-bøker etc.
betra samarbeid mellom folkebibliotek/skulebibliotek, evt. samanslåing av desse
Kommunal bustadpolitikk
Venstre vil arbeida for:
betre vedlikehald av kommunale bustadhus og eigedommar
ein gjennomtenkt strategi for kommunen si rolle som huseigar og utleigar
variert utbygging av bustadar, leilighet, rekkehus
tilretteleggje for bustadar for ungdom
å utarbeida heilskaplege og estetiske planar for nye byggjefelt