Last ned PDF-versjon av programmet her >>
MILJØ
Miljøtrusslar er vår tids største utfordring. Venstre vil gjere Gjesdal til ein foregangskommune i miljøspørsmål og fremme konkrete saker som vil vise igjen i forbetra miljø:
Kommunen må lage ein oppdatert klimaplan som inkluderer energi-økonomisering. Venstre vil påleggje kommunen å redusere det samla energiforbruket i kommunale bygg med 10% innan 2009.
Venstre vil at det i kommunale bygg skal brukast materiale som er miljøvennlege (Svanemerka) og at miljøkvalitet vert eige evalueringskriterium ved innkjøp av kommunale varer og tenester.
Kommunen må aktivt leggje til rette for produksjon og bruk av alternativ energi som vindkraft, soloppvarming, varmepumpe og biogass. I nye kommunale bygg vil Venstre ha vassboren varme frå miljøvennlege energikjelder.
SKOLE OG UTDANNING
Gjesdal må få eigen vidaregåande skole. Skolen bør liggje sentralt på Ålgård for å sikre effektiv tilgang til kollektive transportløysingar.
Kommunen må stimulere ungdom frå heile Gjesdal til å gå på vidaregåande skole. Gjesdal Venstre vil gå inn for at kommunen finansierer ungdomskort for elevar på vidaregåande skole frå og med skoleåret 2008/2009.
Førskolelærarane og lærarane er den viktigaste ressursen i barnehage og skole. Venstre vil gå inn for tiltak som auka løn/stipend og lønna utdannings-permisjonar for å rekruttere og halde på fagpersonale.
Venstre ønskjer å auke vaksentettleiken i barnehage og skole.
KULTUR
Venstre vil satse på Biblioteket som kunnskaps og kulturformidlar. Venstre ønskjer at andre etasje i Veveriet blir eit ungdommens aktivitetssenter.
Venstre vil auke kapasiteten på Kulturskolen slik at alle som søkjer, skal få plass frå hausten 2009.
Frivillig lagsarbeid er ein berebjelke i kulturarbeidet i kommunen. Venstre vil av den grunn stø opp om frivillige lag/foreiningar og gjeninnføre dei kommunale stønadsordningane som vart fjerna i 2003.
Venstre vil gå inn for å etablere ein småjobbssentral for ungdom etter mønster frå Frivillighetssentralen.
Venstre ønskjer eit fleirkulturelt integrert samfunn prega av toleranse og respekt.
Sentrumsutbygging og sentrumsutvikling skal sikre eit mangfald av tilbod og aktivitetar. Ny kyrkje på Ålgård må liggje innan nåverande sentrumsplan.
NÆRING
Både etablerte og nye verksemder må få gode kommunale rammevilkår. Oltedal skal særleg sikrast gode tilhøve for vekst der ein legg til grunn Oltedal sin rolle som merkevareindustri for Gjesdal.
Venstre vil at kommunen skal leggje til rette for små og mellomstore bedrifter. Mindre, nystarta verksemder skal finne det attraktivt å etablere seg i heile kommunen, ikkje berre på Ålgård.
FRILUFTSLIV
Venstre vil oppretthalde og vidareutvikle det gode samarbeidet med Jæren Friluftsråd.
Venstre vil støtte Aksjon Jærvassdrag inntil miljømål om ” badevass- kvalitet ” i alle vassdrag er nådd. Figgjovassdraget er ein del av dette.
Venstre vil at Gjesdal skal halde fram med sitt engasjement som Frisk i Friluft kommune.
Venstre vil leggje til rette for aktivt friluftsliv gjennom turløyper og nærmiljøanlegg. Det same gjeld ikkje-motorisert friluftsaktivitet i tilknyting til Edlandsvatnet og Limavatnet slik at publikum kan få lettare tilgang.
TRAFIKK
Venstre vil ikkje akseptere at nødvendige trafikksikringstiltak for barn og unge vert utsett på grunn av manglande budsjett.
Venstre vil prioritere kollektivtrafikk med buss og bane framfor tunge vegprosjekt. Ålgårdbanen bør vere attende i drift innan 2015, som ein del av bybanesatsinga. Skal E39 utvidast, må det først byggjast kollektivfelt.
Tungtrafikk må leggjast utanom bustadområde. Dersom det vert bygd tverrsamband mellom Jæren og E39 gjennom Ålgård må bustadområde skjermast med tunnel / kulvert.
BUSTADBYGGING
Stadig fleire ønskjer å byggje miljøvennleg. Kommunen må skaffe seg kompetanse og styrke bygningskontrollen for å kunne rådgi publikum for val av miljø- og energisparande løysingar.
Kommunen bør årleg utvikle minst 25 einebustadtomter i kommunen. Tempoet i bustadbygginga kan føregå i eit samspel mellom kommunal og privat regi. Venstre vil sikre at infrastruktur som barnehage og skole kjem på plass i rett tid.
Dirdal og Oltedal skolekrinsar må få del i folkeauken i kommunen slik at krinsane kan oppretthalde og auke elevgrunnlaget for ein god og levedyktig skole.
Eigedomsskatten i Gjesdal er tung å administrere og bør avviklast.
SOSIALPOLITIKK
Alle eldre skal oppleve at kommunen har eit trygt og godt tilbod. Difor vil Venstre styrka heimehjelp, heimesjukepleie og tilbodet til demente. Sjukeheim-tilbodet må være slik at det er plassar til dei som treng det.
Kjerneoppgåver innan pleie og omsorg skal gjennomførast av kommunen sjølv.
Venstre vil arbeide for at psykisk sjuke får eit godt tilbod.
Venstre vil ta initiativ til at opnings- og skjenketider vert samordna mellom kommunane på Jæren. Innskrenking av skjenketidene er ei målsetning for Venstre.
Venstre vil gå inn for at kommunen, saman med frivillige organisasjonar, skal etablera eit pårørandesenter i samarbeid med dei andre kommunane på Jæren.
OFFENTLEG ADMINISTRASJON
Lokaldemokrati skal gjelde for heile kommunen. Venstre meiner at ordføraren skal ha kontortid på faste dagar både i Dirdal og Oltedal.
Nye innbyggjarar er ressurspersonar som er velkomne til Gjesdal. Tilflyttarar til kommunen skal difor bli inviterte til eit uformelt informasjonsmøte med ordførar og etatsleiarar.
Gjesdal er ein språknøytral kommune. Administrasjonen skal ta omsyn til dette og nytte både bokmål og nynorsk.