Det er viktig å setja søkelys på miljøet og få i gang ein prosess, seier Sigmund Hagen, leiar i Hjelmeland Venstre til Strandbuen. Miljøplanane kan favna vidt og ta for seg viktige spørsmål som t.d. energi- og ressursbruken i kommunane.
Venstre meiner at det er eit stort potensiale i betra ressursforvalting, ikkje minst med tanke på energibruken, seier Sigmund Hagen vidare.