Håper på klimameldinga før ferien

– Eg trur framleis på å få klimameldinga på bordet denne månaden. Sist veke lova miljøvernministeren meg at Stortinget skal få den omstridde SFT-rapporten i løpet av kort tid. Det seier Gunnar Kvassheim til Stavanger Aftenblad

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


Rapportar har peika på at det er intern strid i regjeringa, og at dette er ein av grunnane til at klimameldinga har vore utsett i lengre tid. Hemleghaldet av SFT-rapporten som viser kor mykje av klimautsleppa med kan ta hand om på heimebane har og vore med på å styrka inntrykket av usemje mellom regjeringspartia.

Gunnar Kvassheim

Foto: Vidar Grundetjern

– Ap står saman med Frp mot resten av Stortinget om å gå mot at me skal ta to tredjedelar av kutta heime. Det kan ikkje Jens Stoltenberg vera kjend av, seier Kvassheim til Stavanger Aftenblad.

Les meir her >>

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**