Griegfestivalen fortjener meir støtte

Griegfestivalen har bygd seg opp til å bli ein viktig regional møtestad for klassisk musikk, med imponerande gode ungdomstilbod. Når festivalen nå har bedt Arendal kommsune om eingongsstøtte på kr 500.000 og legg fram ambisjonar om å utvikle seg til noe viktig også nasjonalt, er det all grunn til å sette seg ned saman med festival-leiinga og sjå kor langt kommunen kan strekke seg, seier Jan Kløvstad. – Når dei gode kreftene bak festivalen treng støtte til å skape ein ny og enda meir framtidsretta plattform, er det god grunn til å bli med i abeidet, seier han. I komiteen for kultur, miljø og næring stemte eit fleirtal på 5 for å gi Griegfestivalen støtte. Arbeidarpartiets gruppeleiar Nils Johannes Nilsen og Framstegspartiets tre representantar stemte mot støtte, etter at eit forslag frå Nils Johannes Nilsen om å utsette saka til ordinær budsjettbehandling i desember falt. I bystyremøtet 21. juni er Marianne S. Lyngvi saksordførar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Søknaden er på kr 500.000 for 2008,og det vil Venstre gi. Venstre vil også ha ein konstruktiv gjennomgang av kva festivalane betyr for Arendal og regionen. Vi treng nasjonale fyrtårn som Hove-festivalen som mkanskje kan bety noe også internasjonalt, vi treng ei utvikling av Canal Street i retning av å bli ein av dei tre-fire fremste jazzfestivalane saman med Molde, Kongsberg og VossaJazz, eventuelt kan Canal Street bli enda viktigare enn Vossajazz på få år.

Den internasjonale barnekulturuka og Internasjonalt marked betyr mykje regionalt, og kan nok også utviklast vidare. Den nye festivalen for folk over 60 viser veldig lovande takter, og bør også med i vurderingane. I tillegg kjem korfestival, skjærgårdstreff, Kjæmpestaden og forsøka på Skagerrak teaterfestival. Alt dette bør vi sjå i samanhang, sjå kven som har vilje og evne til å satse internasjonalt/nasjonalt, kven som har regionale ambisjonar og kven som vil halde seg på det lokale.

Vi ser at festivalane er til forskjellig tid, med Griegfestivalen viktig midt på mørke vinteren og eldrefestivalen i det gryande haustmørkret. Barnekulturuka er før sommarferien er igang.

På samme måte som Arendal kommune har laga gjennomgang av kulturlokaler og idretstanlegg, bør vi samarbeide med Agderforsking og festivalane, og sjå grundig på korleis eit samspel mellom kulturlivet, næringslivet og kommunen kan oppfylle samfunnsbyggarprosjektets målsettingar om “høg puls året rundt”, meiner Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**