Uttalelse fra Venstres landsstyre: Noreg må bidra med soldatar til Darfur

Generalsekretæren i FN, Ban Kim-moon, har bede Noreg og Sverige om å sende
ein fredsstyrke til Darfur. Regjeringa i Sudan har akseptert at FN- soldatar
kan hjelpe styrken til den Afrikanske Unionen (AU) med å sikre freden i
Darfur slik at dei sivile igjen kan føle seg trygge.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


Over 400 000 er so langt drepne i Darfur, over 2 millionar er på flukt.
Brende landsbyar, massevaldtekter og drap har vorte kvardagen i Darfur.
Noreg kan ikkje no svikte Darfur og FN.

Generalsekretær Ban Kim-moon har ikkje eigne styrkar, men er heilt avhengig
av at medlemslanda stiller opp når han ber om det. Noreg har stilt opp for
FN sia Gaza- operasjonen i 1956.

Noregs offisielle posisjon er å stille fleire styrkar til disposisjon for FN-oppdrag. Noreg må stille opp for Darfur og søkje samarbeid med andre land og AU for å sikre tryggleiken for soldatane og få stor nok fredsstyrke. Den norske kontingenten må vere godt budd, og soldatane og familiane må få all den hjelp dei treng før, under og etter oppdraget i
Darfur.

Landsstyret i Venstre ber regjeringa om å jobbe for at Noreg bidrar med ein fredsstyrke til Darfur.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**