Tilsynsrapporten handlar om arbeidet for folk med alvorlege psykiske lidingar. Det blir vidare vist til at “I 6 av 15 gjennomgåtte saker var det ikke fattet vedtak om individuell plan til tross for at brukerne har langvarige og sammensatte behov, og det fremkommer ikke at vedkommende har avslåt tilbud om slik.” I 16 av 35 saker som blei gjennomgått var ikke kravet i forvaltningslova om 4 vekers behandlingstid halde. Det var overskriding av tidsfristen med frå ein månad til to år. Vidare skriv tilsynet at det er problem knytt til iverksetting av vedtak om støttekontakt innan rimeleg tid.
På denne bakgrunnen har Arendal Venstre sendt spørsmål til ordførar og rådmann om kva som kan gjerast for å få enda betre arbeid for dei alvorleg psykisk sjuke. Arendal Venstre veit det er høg kvalitet i det aller meste av det dei kommunalt tilsette gjer for dei psykisk sjuke, og vil bygge vidare på dette. Vi har derfor all grunn til å tru at dei veikskapane som tilsynet viser til, vil bli retta opp snarast råd, heiter det i e-posten til ordførar og rådmann. Sjå også Agderposten 11. juni 2007.