Kanalar i Arendal

Venstre og kanalar:
Ein god tanke, men ikkje pengar nå

Arendal Venstre har fått spørsmål frå foreninga Nei til kanaler om Venstres syn på kanalar i Arendal. I programprosessen vår for komande bystyreperiode har vi diskutert spørsmålet.
Kort oppsummert er Venstre sitt syn:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


1.Venstre har sans for tanken om kanal i Arendal. Vi ser at gjenåpning av kanalar/elver i Århus og andre byar og aktiv bruk av kanalar i København, Göteborg og Amsterdam gjer desse byane enda rikare og meir attraktive enn dei ville ha vore utan kanalane.
2.Venstre vil likevel ikkje bruke kommunale pengar til verken anlegg eller drift i den bystyreperioden vi nå går inn i, altså åra 2007-2011. Gjeldsbyrden i Arendal er tung å bære, og vi ser ikkje rom for kanalar dei første åra.
3.Venstre sitt syn for seinare bystyreperioder vil bli diskutert og avgjort i partiet i samband med programprosessar for seinare periodar, første gong før kommunevalet i 2011.

Beste helsing

Jan Kløvstad
leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**