Venstrelister i 12 kommunar i Aust-Agder

Fylkesleiar Line Øvernes Mørch fortel at det er reine Venstrelister i Gjerstad, Risør, Tvedestrand, Arendal, Froland, Grimstad, Birkenes, Lillesand, Iveland, Evje og Hornnes og Bykle. I Bygland er det fellesliste, sjå heimesida til Bygland Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


Berre Vegårshei, Åmli og Valle er utan Venstrelister i år. I desse kommunane hadde Venstre god framgang i stortingsvalet i 2005, og fylkeslaget arbeider for å stille lister i neste kommuneval.

Ei meiningsmåling i Fædrelandsvennen i slutten av mars gir 7% til Venstre i Aust-Agder. Dette tyder på langt fleire mandat enn i 2003, da vi hadde 3,8% i kommunevalet i Aust-Agder.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**