Femtekandidat på fylkestingslista 2007.
Medlem av Venstre sidan 1982.
Kommunestyremedlem i Gjerstad 1987-1991 og igjen frå 1997. Varamedlem til formannskapet. Tidlegare kulturstyremedlem i Gjerstad. Sekretær i Gjerstad Venstre, tidlegare 10 år som leiar av Gjerstad Venstre, medlem av ymse nominasjonsnemnder og programnemnder i Aust-Agder Venstre.
Helsearbeidar/ambulansearbeidar, også arbeid innan BUF-etat. Kai-Ove Sandåker er valt av Gjerstad kommune som medlem i konfliktrådet i Aust-Agder.
Tidlegare 4H-medlem, vaksenleiar i 4H, har vore aktiv i bygdeungdomslag og ungdomslag, var med på å starte både Gjerstad storband og Gjerstad trialklubb. Har vore aktiv i musikklivet sidan han var gutunge. På fritida handlar det mykje om musikk, friluftsliv og politikk.