Miljø – eit lokaldemokratisk dilemma

Vi opplever alt for ofte at materielt sett vanskeleg målbare verdiar, som for eksempel naturvern og miljøomsyn, har lett for å bli nedprioritera til fordel for næringsutvikling, slik som storstila nedbygging av ressursareal til landbruk, og til rekreasjon, friluftsliv og annan naturbruk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**

Skog og vann

Erfaring viser at det i dag stort sett ikkje fins kommunal fagkompetanse og slettes ikkje politisk evne og vilje til å sjå natur- og miljøvern i det perspektivet som dette viktige samfunnsområde fortener.

Det er i det minste to vegar ut av dette uhaldbare uføret:
1. Vi må tilbake til ordninga med øyremerka statlege midlar til kommunane i arbeidet knytt til berekraftige arealbruksstrategiar og miljørelatera planlegging, så lenge mange kommunar ikkje velgjer å ha stillingsheimlar på dette området innanfor dei frie økonomiske rammene sine.

2. Ei betre miljøpolitisk bevisstgjering, saman med respekt og tiltru til overordna, gjerne lokalt tilpassa føringar og begrensningar i kommunanes frie armslag på bekostning av natur og miljø må inn med langt større tyngde.

Båe tiltaka synest naudsynte i det lokale folkestyre, med den sviktande evne og vilje til å sjå natur og miljø som grunnpillarar i eksistensen vår, og som den plikt vi har til å ta vare på det biologiske mangfaldet og naturens eigenverdi.

Venstre har miljø som ei av sine aller viktigaste hovudsaker, ikkje bare i den komande valkampen, men i kvardagspolitikken mellom vala. Partiet inviterar mellom anna til ei landsomfattande og lokalt tilpassa klimakampanje, og vil utfordre kommunane på dette, fordi klimaet er vår tids viktigaste miljøsak. Venstre er den beste politiske garantisten for miljøbevisste velgjarar, ein eigenskap alle menneskje faktisk burde ha.

Det trengs ein liten miljørevolusjon inn i det kommunale sjølvstyret initiera av klarttenkjande og miljøbevisste menneskje. Dette er ei viktig kampsak fram mot det komande lokalvalet til hausten, og i tida som følgjer etter.

Jon Ingebretsen – naturrettleiar
Leiar og kommunestyrerepr. Kviteseid Venstre
Styremedlem Telemark Venstre

Innlegget til Jon Ingebretsen står ogsp i Varden HER

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**