Program Balestrand Venstre 2007 – 2011

Balestrand Venstre sitt program for komande periode finn du her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


GRUNNSYN
Venstre er eit sosialliberalt parti. Me ynskjer eit samfunn der kvart menneske har fridom og mogelegheit til å skapa sin eigen veg til det gode liv, og der me tek ansvar for kvarandre og miljøet. Vårt ideologiske grunnsyn er tufta på demokratiet som styreform med vekt på desentralisering og deltaking. Lokalt sjølvstyre skal vera kjernen i det norske demokratiet.
Menneska er likeverdige, men ikkje like. Venstre vil såleis alltid setja einskildmennesket i sentrum, ikkje grupper eller klassar. Respekten for kvar og ein sitt livssyn er rotfesta i vårt politiske arbeid.
Venstre er eit leiande miljøparti. Som eit høgt utvikla og rikt land bør Noreg ha som mål å vera i fremste rekkje innan framtidsretta miljøpolitikk. Me har alle ansvar for å forvalta miljøet slik at kommande generasjonar har rein jord, reint vatn og rein luft.

KOMMUNEN
Lokalpolitikarane og kommuneadministrasjonen må i sitt arbeid ha fokus på å skapa grunnlag for folketalsauke, yta best mogelege tenester og sørvis og ha nær kontakt med innbyggjarane.
Venstre vil:
– at Balestrand skal halda fram som eigen kommune, men samstundes arbeida for eit godt og sterkt samarbeid med andre kommunar.
– at kommunestyret minst ein gong i året legg møta sine til Fjordane og Nessane.
– at formannskapet årleg held møte med leiinga for grendelaga i kommunen.
– ha ordførar i 100% stilling.
– ha spørjetime i kommunestyret.
– at alle tilflyttarar får ein informasjonsfaldar om kommunen.

KOMMUNEN SOM ARBEIDSGJEVAR
Godt samspel mellom kommunen som arbeidsgjevar og arbeidstakarane er avgjerande for at det skal verta trivnad og meiningsfullt å jobba på dei kommunale arbeidsplassane. I dag er sjukefråværet for høgt.
Venstre vil arbeida for:
– at arbeidstakarane vert inkluderte i saker som gjeld arbeidsplassane deira.
– at saker/tema som vert tekne opp på "grasrotplan" rekk fram til den øvste leiinga, og til dei som tek avgjerd i sakene.
– å skapa tillit og openheit begge vegar i kommuneorganisasjonen.
– at det vert lagt til rette for at arbeidstakarar som ynskjer det, kan få rullera innan dei kommunale arbeidsplassane.
– eit meir fleksibelt permisjonsreglement.

ØKONOMI
Balestrand kommune har ei drift som er i balanse, medan midlar til investering nærmar seg null. Nedgang i folketalet gjev reduserte skatteinntekter og bortfall av overføringar frå staten. For å snu den negative utviklinga må kommunen vera ein aktiv pådrivar og tilretteleggjar for det lokale næringslivet.
Venstre vil:
– føra ein ansvarleg politikk når det gjeld investeringar og drift.
– at dei folkevalde rett etter kvart kommuneval skal kursast i budsjettarbeid og kommunal forvaltning generelt.

NÆRINGSTILTAK OG FOLKETALSUTVIKLING
Held folketalsnedgangen fram, vil kommunen snart ha under 1000 innbyggjarar, og grunnlaget for Balestrand som eigen kommune vert borte. Kommunen må syta for at tilflyttarar får eit nettverk, og at kommunen og bygdefolket møter desse på ein slik måte at dei vert verande. Det er for tida god tilgang på arbeid for dei som vil bu i kommunen og pendla til nabokommunane. Det må leggast til rette for attraktive tomter for dei som vil busetja seg i Balestrand kommune. For tida er her ca. 45 gardsbruk utan busetnad. Mange ynskjer å slå seg ned på gardsbruk, men bruka kjem ikkje på sal.
Venstre vil:
– følgja nøye opp småbruksprosjektet.
– støtta auka samarbeid mellom landbruk og reiseliv.
– at kommunen støttar opp om lokale gründerar og hjelper desse gjennom "jungelen" av lover, reglar og skjema.
– regulera areal til oppdrett i sjø.
– at kommunen vert meir aktiv i kampen om offentlege arbeidsplassar.
– vera fleksibel i høve byggjing i strandsona.

BARN OG UNGDOM.
Det viktigaste målet i arbeidet med barn og unge må vera å skapa positive kjensler hjå dei for heimkommunen. Skulane må framleis aktivt førebyggja mobbing og anna negativt samkvem mellom barn og ungdom.
Venstre vil:
– utvikla tilbodet innan skule, barnehage og SFO i alle krinsane.
– styrkja dei økonomiske resursane til tilpassa opplæring, IKT og entreprenørskap i skulen.
– ha fortgang i arbeidet med å sikra skulevegar.
– vera med på å vidareutvikla fritidstilbodet.
– ha årleg treff for ungdom under utdanning.

HELSE- OG SOSIALTENESTER
Helse- og sosialsektoren er den største kommunale arbeidsplassen. Det er derfor svært viktig både for økonomien og velferda i kommunen at dette er ein god arbeidsplass.
Venstre vil:
– styrka heimetenestene, helsetunet og psykiatrien.
– styrka ergo- og logopeditenestene.
– at kommunen innfører ordning med treningskontaktar.
– kjempa for å behalda dagens legevaktordning og ambulanseteneste.

KULTUR
Gode kulturtilbod er noko av det første tilflyttarar ser etter når dei søkjer seg til ein kommune. Frivillige innan kultursektoren er ein verdfull resurs. Me ynskjer å ta vare på desse eldsjelene.
Venstre vil:
– vedlikehalda og vidareutvikla idrettsanlegg, kulturløyper og naturstiar.
– gje kulturskulen vilkår for god drift og utvikling.
– støtta lokale kunstnarar og kulturarrangement.

MILJØARBEID
Eit godt miljø i ein kommune vert skapt av dei som bur der. Alle miljøhendingar skjer i nokon sitt nærmiljø. Det er derfor viktig at me som lokalpolitikarar tek miljøomsyn i avgjerder.
Venstre vil:
– at kommunen prioriterer el-bilar som ein del av den kommunale bilparken.
– at kommunen arbeider aktivt for å hindra attgroing av kulturlandskapet.
– at kommunen skal ta i bruk ny og meir energieffektiv teknologi.
– innarbeida konsekvensar av klimaendringane i arealdelen av næringsplanen.

SAMFERDSLE
Gode kommunikasjonar er avgjerande for stabilitet og utvikling i Balestrand. Dette er ikkje minst viktig for alle pendlarane våre. Når det gjeld arbeidet med Nasjonal Turistveg over Gaularfjellet må kommunen spela ei aktiv rolle.
Venstre vil:
– sjå på mogelegheitene for å få framskunda arbeidet med rassikring og utbetring av vegen rundt Esefjorden.
– arbeida for at ferje-, buss- og ekspressbåttilbodet vert oppretthalde.
– arbeida for at fylkesvegen Ulvestad — Menes vert høgare prioritert.
– auka løyvingane til utbetring av dei kommunale vegane og til gatelys ved busstopp.
– at vegen over Gaularfjellet ikkje vert vinterstengt unødig tidleg.

VENSTRE VIL GJERNE VERA MED Å TENKJA HØGT OM:
– ideen om eit fjordsenter.
– kommunen kan vera leverandør av sørvistilbod utover dei lovpålagde tenestene.
– korleis utv$ikla Balestrand som skulestad. Vidareutvikla samarbeidet med Sygna? Kunstutdanning?
– korleis utvikla arboretet på Lunde til å verta ein langt større attraksjon enn i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**