Kraftfusjonen bør få evig kvile

Dette meiner Rolf Nesheim i eit lesarinnlegg til avisene.
Heile innlegget finn du her

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


Kommunane Gaular og Førde har i praksis torpedert planane om kraftfusjon mellom Sogn og Fjordane Energi og Sunnfjord Energi. Styreleiarane i dei to selskapa vil likevel halde fram med planane
om kraftfusjon etter sommarferien. I fylkestingsprogrammet har Sogn og Fjordane Venstre programfesta at vi ikkje ønskjer nokon fusjon.

Det vil vere synergiar i å slå dei to selskapa saman, men desse er etter vår oppfatning så små at dette ikkje er tilstrekkeleg for å fusjonere selskapa. Ulempene ved at dei lokale eigarpostane blir mindre, og at staten gjennom BKK i praksis stengjer ein eventuell framtidig konkurranse ute, veg for oss mykje tyngre.

Lokalt eigarskap er viktig fordi det avgjer om ein investerar, og kor ein investerar. Eigarkommunane avgjer om det skal vere lokalt eigarskap i Sunnfjord Energi, mens kommunane og fylkeskommunen avgjer om det skal vere lokalt eigarskap i Sogn og Fjordane Energi. Slik ønskjer Venstre at det også skal vere i framtida.

Etter at stortingsmeldinga om regionane vart lagt fram er tanken om ein stor vestlandsregion i ferd med å forlatast sjølv av dei mest ihuga tilhengjarane. Forlatast bør også tanken om ein liten kraftfusjon i vårt eige fylke gjere. Det har Sogn og Fjordane Venstre allereie gjort.

Rolf Nesheim
Fylkestingsrepresentant og 3. kandidat

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**