Les hele interpellasjonen her:
Interpellasjon til fylkesutvalgets møte 5. juni 2007:
NEVROKIRUGITILBUD OG BEREDSKAP VED UNIVERSITETSJUKEHUSET I ROGALAND.
Det er med stor bekymring og uro me nå ser at nevrokirugitilbudet ved vårt universitetssjukehus vert svekka til fordel for Bergen.
Styrevedtak i Helse Vest syner liten vilje til å koma Helse Stavanger i møte om å oppretthalda eit akseptabelt fagleg nivå med tilhøyrande beredskap for 400 000 menneske.
Rogaland fylkeskommune har ansvar for at folk i Rogaland kan kjenna seg trygge på at me har eit slikt tilbud. Helse Stavanger vurderer nå samarbeid med utanlandske sjukehus.
Me ser at fleire meiner at det har gått politikk i saka og at nevrokirugistriden mellom Bergen og Stavanger må finna ei politisk løysing før statsråden grip inn og instruerer.
Styrereprensentantane i Helse Vest er oppnemde etter framlegg frå fylka og kompetansestriden bør difor løysast regionalt.
Slik eg ser det må fylkesordføraren straks ta initativ overfor fylkesordføraren i Hordaland for å finna politiske løysingar som tener folk i Rogaland og fører vestlandssamarbeidet eit steg vidare.
" Vil fylkesordføraren ta initativ til politiske drøftingar med Hordaland fylkeskommune for å koma fram til gode løysingar for nevrokirugien i helseregionen og ved universitetssjukehuset i Rogaland?"
Klepp, 27.mai 2007
Jarle Braut