Inge Solli i Stortingets spørretime

Inge Solli (V) stilte spørsmål til samferdselsministeren om sikkerheten i Hagantunnelen da han møtte som stortingsrepresentant en uke for Borghild Tenden. Her kan du lese Solli’s spørsmål, og svar fra statsråden.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


Spørsmål 3 i Stortingets ordinære spørretime 23.05.2007.
Presidenten: Dette spørsmålet, frå representanten Borghild Tenden til samferdselsministeren, vil bli teke opp av representanten Inge Hallgeir Solli.

Stortingsvararepresentant Inge Solli

Stortingsvararepresentant Inge Solli

Inge Hallgeir Solli (V) [11:40:22]: «EuroTAP har sikkerhetstestet 51 tunneler i 14 europeiske land. Hagantunnelen i Akershus er blant de 7 tunnelene som får karakteren «svært dårlig». Dette er en ettløpstunnel uten fysisk midtdeler. Det er ikke innført restriksjoner på transport av farlig gods.
Mener statsråden at de norske normene for tunnelsikkerhet ivaretar sikkerheten godt nok, og bør det iverksettes strakstiltak for å bedre sikkerheten i Hagantunnelen og andre norske tunneler?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:41:00]: EuroTAP, som er eit program for vurdering av tryggleik i tunnelar, vert utført i regi av den internasjonale motororganisasjonen FIA. Organisasjonen har frå 2005 til og med 2007 fått økonomisk støtte frå EU.
Eg er orientert om at det er usemje mellom bl.a. tunnelkomiteen i PIARC, World Road Association, og FIA om dei kriteria som er nytta i undersøkinga. Statens vegvesen er òg usamd i fleire av kriteria, men har likevel valt å leggje forholda til rette for testen.
Statens vegvesen og toppkompetansen på tunnelområdet i Europa meiner at ein må nytte EU sitt tunneldirektiv som grunnlag for testen. EuroTAP går lenger enn direktivet i krav til utstyr og utrustning. Det er heller ikkje, etter norsk meining, skilt nok mellom tunnelar med høg trafikk, som i sentrale delar av Europa, og den trafikken ein har i norske tunnelar utanom byane.
I St. meld. nr. 24 for 2003-2004, Nasjonal transportplan 2006—2015, er det sett av ei ramme på 170 mill. kr pr. år til tryggleiksmessig oppgradering og utskifting av gammalt tunnelutstyr. Det er teke høgde for oppfylling av nye krav som følgje av tunneldirektivet. Det er som Stortinget er kjent med fleire års innføringstid for dei nye krava i direktivet. Etter kvart som det nye naudnettet for utrykkingsetatane vert bygd ut, noko som er med på å auke tryggleiken, vert det naudsynt med ekstra investeringar i tunnelane.
Midtrekkverk i tunnel har fleire sider. Det hindrar møtekollisjonar, men kan òg hindre trafikantar i å snu og køyre ut av tunnelen om noko skulle skje, og kan vanskeleggjere redningsinnsatsen frå brann- og ambulansetenestene. Statens vegvesen tilrår difor ikkje midtrekkverk i tunnelar.
Farleg gods i tunnelar eller på omkøyringsvegar forbi bustadhus, skular eller butikkar inngår i ei vurdering som oftast vert diskutert med lokale brannsjefar og politi når ein lagar beredskapsplan for kvar einskilt tunnel. Eg kan nemne at det skal innførast nye ADR-reglar, reglar for farleg gods, for alle tunnelane, og det må difor gjerast nye vurderingar for alle norske tunnelar.
Hagantunnelen vil om nokre år verte oppgradert i høve til kravet i EU-direktivet om minimum tryggleik i vegtunnelar. Statens vegvesen har vore i møte med Nittedal kommune for å orientere om planane for oppgradering.
Raset i Oslofjordtunnelen i romjula 2003 gjekk gjennom kvelven og har fleire likskapstrekk med eit som skjedde i Hanekleivtunnelen, sjølv om omfanget var mindre. Samferdselsdepartementet tok den gongen ikkje på seg noko sentral rolle i arbeidet med granskinga av årsaka til raset, og kravde ikkje igangsett undersøking eller inspeksjon av dei andre tunnelane i landet eller i nærområdet med liknande geografiske tilhøve.
Etter raset i Hanekleivtunnelen vart det derimot nedsett ei ekstern undersøkingsgruppe og Vegdirektoratet fekk i oppdrag å inspisere alle vegtunnelar i landet. Regionvegkontora har no rapportert tilbake om status og planar for inspeksjon. Dette er eit omfattande arbeid som er godt i gang. Arbeidet vil gi ei god oversikt over tilstanden og eventuelle behov for utbetringar. Inspeksjonane og resultatet av arbeidet i den eksterne undersøkingsgruppa og dei ulike arbeidsgruppene som er oppretta etter raset i Hanekleivtunnelen, vil bidra til å auke tryggleiken i norske tunnelar.

Inge Hallgeir Solli (V) [11:44:26]: Takk for svaret.
Det er riktig at undersøkelsen stiller strenge krav, og på en del områder strengere krav enn det vi finner i EU-direktivet. Hagantunnelen i Akershus åpnet i 2003, og trafikken der utgjør 13 500 kjøretøy i døgnet. Tunnelen har ett løp, og er bygd etter retningslinjene som var gjeldene i 2003. Ettløpstunneler gir dårligere rømningsveier, og konsekvensene ved ulykker vil være større i en tunnel enn utenfor.
Ifølge Statens vegvesen er de norske kravene til tunnelsikkerhet hevet, slik at Hagantunnelen ville blitt bygd med to løp i dag. Jeg spør derfor statsråden: Er det aktuelt å tilføre midler til Hagantunnelen slik at det kan opprettes to løp, og dermed tilfredsstille dagens norske regelverk på dette punktet?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:45:17]: Årsaka til at norske tunnelar kjem dårleg ut av EuroTAP-testen er i hovudsak at me brukar asfalt på vegbana i våre tunnelar og får minus for det, noko Vegdirektoratet meiner er feil kriterium. PIARC, Verdens vegorganisasjon, som eg òg refererte til, har lagt fram ein rapport som viser at at ved dei brannane som har vore i tunellane, har ikkje asfalten gjort noko vesentleg for å forverre forholda. Ei anna årsak er nødutgangar. I Noreg er det berre tunnelar med to åtskilte røyr som har nødutgangar, med nokre få unnatak. Det gir oss òg minus. I tillegg handlar det om dårleg belysning.
Hagantunnelen er på lista over tunnelar som skal oppgraderast i tråd med EU sitt tunneldirektiv. Det ligg ikkje føre planar pr. i dag om å tilføre midlar til toløpstunnel.

Inge Hallgeir Solli (V) [11:46:12]: Det må være mulig å gjennomføre en del strakstiltak for å bedre tunnelsikkerheten på kort sikt.
Det er slik at tunneltverrsnittet i Hagantunnelen er for lite til midtdeler eller midtfelt, men veimyndighetene bør vurdere sperrelinje og/eller feltdelere i plast. Bedre skilting av nødlommer, traktorforbud og forbud mot å frakte farlig gods i tunnelen er tiltak som bør vurderes. Statsråden var i og for seg inne på noen av disse. Andre tiltak er bedre lys i nødlommene og tettere videoovervåkning enn hver 200—250 meter, slik det er i dag.
Alle riksveitunneler skal innen ti år oppgraderes etter EU-direktivet. Jeg spør derfor statsråden om det finnes tilgjengelige ressurser til å iverksette strakstiltak i Hagantunnelen, og om det er slik at det er ressurser til å gjennomføre oppgraderingen av tunnelene i Norge i henhold til EU-direktivet i løpet av de kommende ti år.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:47:10]: Det er i gang eit omfattande arbeid med å gjennomgå norske tunnelar og inspisere dei for å sjå kva som trengst av oppgradering. Hagantunnelen er sjølvsagt med i dei planane. Det har vore, som eg refererte til i mitt hovudsvar, møte med Nittedal kommune der ein har informert om planane og om tidsperspektivet i forhold til å få utbetra den tunnelen.
Så eg har full tillit til at Hagantunnelen til liks med andre tunnelar i Noreg skal oppgraderast til den nye tryggleiksstandarden. Det skal gjerast i tråd med dei tidslinene som er lagde, og, som eg refererte til, er det lagd inn 170 mill. kr årleg til dette arbeidet. Der skal det vere teke høgd for den oppgraderinga som trengst i forhold til EU sitt tunneldirektiv.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**