Venstrefolk frå Arendal er ordførarkandidatar i Steigen, i Volda, på Notodden og Kongsberg

I Steigen i Nordland er Berit Woie Berg ordførar, og også ordførarkandidat i valet i haust. Berit Woie Berg har sterke slektsband til Austre Moland, og er leiar for Kvinneuniversitetet i Nord-Norge. I Volda står historikaren Jens Johan Hyvik frå Hisøy på topp. Han har mellom anna skrive om Jacob Aall og Næs Jernverk, og er nå tilsett ved Høgskolen i Volda, og er leiar i Volda Venstre. Torgeir Fossli frå Austre Moland i Arendal er kommunestyremedlem og varamedlem til formannskapet i bluesbyen Notodden, der han er klaverpedagog og utøvande pianist. Sjå meir om Venstre på Notodden på www.venstre.no/telemark/notodden.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**

Torgeir Fossli

Foto: Venstre

Torgeir Fossli står øvst på ei sterk Venstreliste i Notodden. Også i nabokommunen Kongsberg er det ein utflytta arendalitt som er Venstres ordførarkandidat. Det er Øystein Senum, som også tidlegare har vore ordførar i Kongsberg. Øystein Senum er frå Hisøy, og har bakgrunn både i Statskog, i skoleverket og som rådmann.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**